Hanne Lunde

Ynskjer du å hjelpe personar ut i arbeidslivet?

OmrådeVaksdal
Publisert14.1.2026
Søk senest28.1.2026

Om stillingen

Ynskjer du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem i arbeid? Trur du på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, har ein plass i arbeidslivet? 

Nav sitt mål er at flest mogleg skal vera i løna arbeid eller annan aktivitet, og at færre skal vera avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vera i arbeid, delta i samfunnet og vera sikra inntekt. Nav Vaksdal har no eit ledig vikariat som rettleiar for vaksne med nedsett arbeidsevne. Me er eit lite Nav-kontor med 7 tilsette, der alle samarbeider om å løyse kontoret sine oppgåver til beste for innbyggjarane i kommunen. Me kan love deg ein interessant og variert arbeidsdag og eit godt arbeidsmiljø der me deler kompetanse og støttar kvarandre i oppgåveløysinga.

Ynskjer du å bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for menneske kvar einaste dag? Då håper vi at du søkjer hos oss! Oppstart for vikariatet er snarast, og varigheit er omlag eit år.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge og motivere brukarar som treng oppfølging og støtte frå Nav for å komma i arbeid
  • Følge opp og rettleie gjennom samtalar og samarbeidsmøte
  • Sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Ha tett dialog med arbeidsgjevarar, helsepersonell, tiltaksverksemder og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til sosial og økonomisk tryggleik for innbyggjarane i Vaksdal kommune, og fremje overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet 

Det kan bli nokre endringar i arbeidsoppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, gjerne innan sosiale fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå å jobbe med menneske i ulike livsfasar 
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk. Vaksdal kommune har nynorsk som målform
  • Rettleiings- eller inkluderingskompetanse 
  • Førarkort kl. B  

De er fint om du og har:

  • Kunnskap om og interesse for arbeidsmarknad og opplæringsmoglegheiter i og rundt Vaksdal kommune
  • Kjennskap til rettleiing om privatøkonomi
  • Interesse for barn og unge sine levekår

Me håpar å finne deg som

  • Likar å snakke med folk, og er trygg i møte med menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • Trivst med å bygge relasjonar, både i møte med brukarar, samarbeidspartar og kollegaer
  • Er sjølvstendig og robust, og tåler at oppgåver og rutiner stadig er i endring

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Statleg tilsetjing i stillingskode 1434 Rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 til kr. 660.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. 
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 

Les meir om å jobbe i Nav

Kontaktinformasjon

Hanne Lunde, Kontorleiar, 95978584, [email protected]

Arbeidsstad

Konsul Jebseng. 16
5722 Dalekvam

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5063910135
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 04.02.2027
Søknadsfrist: 28.01.2026

Hanne Lunde

BedriftHanne Lunde

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Get Paid to Annotate Native-Language Text Data

Oneforma

Norge11.2. - 11.3.
Anbefalt

Meeting & Event Coordinator - Clarion Hotel Energy

Strawberry AS

Stavanger13.2. - 23.2.
Ny