Jobbsafari
Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde

VVS ingeniør / drifts- og serviceteknikar medisinsk gassanlegg og oksygen

28 dager siden
OmrådeFørde
Søk senest1.8.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø? Då vil vi gjerne ha din søknad på vår ledige stilling som drifts- og servicetekninkar! 

Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse. 

Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir  også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar. 

I komande år vil utvikling av drifta fortsetje, med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar nærmar vi oss overtaking av nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.


Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp våre gassanlegg og medisinsk oksygen etter gjeldende lovverk
  • Følgje opp internkontroll/HMS for bygg og øvrige tekniske anlegg
  • Behandle avvik innmeldt frå verksemder relatert til drift av anlegga
  • Følgje opp eksterne rammeleverandørar og innleigde firma
  • Gi støtte ved kartlegging av vedlikehaldsbehov og gjennomføring
  • Kan pårekne å komme inn under vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev innan eit eller fleire av fagfelta innen VVS fagene for drift og vedlikehald av gass og røranlegg
  • Drift og vedlikehald av sprinkleranlegg vil også ligge til denne stillinga
  • Kunnskap om regelverket satt av Statens legemiddelverk
  • Ingeniør evt. Teknisk fagskule
  • Gode datakunnskapar og erfaring med datasystem som arbeidsverktøy som Revit, BIM, dRofus
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og kreativ, og har evne til å tenkje heilskapleg
  • Du er fleksibel og positivt innstilt til endringar og nye forslag
  • Du må like å jobbe i eit til tider travelt arbeidsmiljø

Brukargruppa har stort mangfald som best blir møtt med respekt og glimt i auget. Vi ønskjer oss ein kollega med gode samarbeidsevner, og som er sosial og omgjengelig. Du må være open for andre sine meningar, erfaringar og kompetanse, og kunne dele av din kunnskap.

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande og utfordrande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for videreutdanning

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Terje jan Nes, Avd. sjef, +47 41530517, [email protected]


Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, +47 99288838, [email protected]


Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2


6812 Førde


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4829790081


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 01.08.2024



Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde

BedriftTeknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger