Om stillingen
Det er ledig fast 80% stilling som kjøkkenressurs i Voss barnehage. Stillinga kan aukast til 100% viss søkjar ynskjer å arbeida 20% i tillegg som vikarressurs i barnehagen.
Om arbeidsstaden
Voss barnehage er ein kommunal barnehage med 104 barn. Barna er delt i 5 grupper: ei 1-årsgruppa, ei 2-årsgruppa og tre 3-5 årsgrupper. Ei av 3-5 årsgruppene er villmarksgruppa. Villmarksgruppa har buss og bil som dei nyttar for å koma seg til leiren sin i Storåsen 4 dagar i veka. Me er ca. 30 tilsette, både menn og kvinner.
Barnehagen ligg sentralt på Tvildemoen, ca 10 minutt gange frå sentrum. Me har flott uteområde med grindbygg og grillhytte, og skog like ved. I skogsområdet som dei eldste gruppene nyttar har me lavvo og godt opparbeidd leirplass.Visjonen vår; venskap & meistring, ligg til grunn for alt me gjer i barnehagen, og skal visa att i kvardagen. I tillegg er omsorg, leik, læring og danning grunnpilarar i arbeidet vårt. I Voss barnehage er me opptekne av å utvikla sjølvkjensla til barna, og at alle barna skal kjenna at dei vert sett og høyrd.
Arbeidsoppgåver:
- laga mat til barn med fokus på sunn kost og berekraft etter gjeldande tilrådingar og føringar
- bestilla mat og planleggja veke- og periodemeny
- halda orden og hygiene etter gjeldande regelverk og IKT(internkontroll) mat
- leggja til rette for at måltida i barnehagen vert ein pedagogisk arena der barna kan delta og medverka
- samarbeida med resten av personalgruppa
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling og stort handlingsrom i rolla som kjøkkenressurs
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø med mykje humor i kvardagen
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonskrav:
- fagbrev som kokk eller ernæringskokk
- god kunnskap om IKT - mat
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- søkjarar med anna relevant kompetanse eller erfaring kan verta vurdert
Me søkjer deg som:
- er fleksibel, løysingsorientert, og har gode samarbeidsevner
- er ein blid, omgjengeleg og god lagspelar
- kan arbeida sjølvstendig i en hektisk kvardag med fokus på borna sitt beste
- har ei genuin interesse for mat og matlaging
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema:Søk her