Møre Og Romsdal Fylkeskommune

Volda vgs søkjer lærarar i hovud- og biinstrument ved utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama

Område

Volda

Publisert

3.7.2026

Søk senest

12.7.2026

Om stillingen

Om stillinga

Volda vidaregåande skule søkjer etter lærarar i fast deltidsstilling i hovud- og biinstrumet ved utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama. Tilsetting vert gjort på bakgrunn av elevane sine val av instrument. Opplæring i hovudinstrument utgjer frå 3.8% til 4.29% stillingsvolum pr elev.

Volda vidaregåande skule har om lag 440 elevar og 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale. Skulen har utdanningsprogramma Studiespesialisering, Påbygg, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur.

For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må vere engasjert og glad i å arbeide med ungdommar, og ha kompetanse og undervisingserfaring i instrumentopplæring.

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervising i faga som du ev. vert tilsett i
  • Ta del i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen
  • Ta del i fag- og avdelingssamarbeid
  • Stillingane er knytt til undervising av enkeltelevar/små grupper


Kvalifikasjonar

  • Formell pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring frå instrumentopplæring på utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama i vidaregåande opplæring
  • Formell undervisningskompetanse inn mot utdanningsprogrammet
  • God digital kompetanse og forståing
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
  • Kompetanse til å sikre læringsprogresjon for alle elevar sine ulike behov, gjennom tilpassa opplæring og variert vurderingspraksis
  • Ein tydeleg leiar som er bevisst rolla si som motivator og inspirator for elevane


Personlege eigenskapar

  • Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljø
  • God rollemodell
  • God på relasjonsbygging
  • God fagleg formidlingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og nøyaktig i læringsarbeidet
  • Tilpassar opplæringa og ser elevane og deira moglegheiter
  • Utviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eiga undervisning
  • Samarbeidsorientert og likar å jobbe i team med kollegaer


Vi tilbyr

  • Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
  • Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre
  • Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg
  • Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk


Kontaktinformasjon

Kristin Bakke Seterås

Avdelingsleder

Telefon: +47 91569705

Om arbeidsgivaren

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Dette er Volda vgs!

Om skulen (volda.vgs.no)
Skulen har desse utdanningsprogramma:
  • Studiespesialisering
  • Medium og kommunikasjon
  • Musikk, dans og drama
  • Kunst, design og arkitektur
  • Påbygging til generell studiekompetanse
  • Tilrettelagt klasse

Volda vgs har omlag 440 elevar, 83 tilsette, derav 70 pedagogisk tilsette.
Tilbake til toppen

Møre Og Romsdal Fylkeskommune

Bedrift

Møre Og Romsdal Fylkeskommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Volda

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS