Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Om stillingen
Vi har ledig 100 % fast stilling som styrar ved Strandvik barnehage. Oppstart i stillinga snarast mogeleg og seinast innan 01.08.24. Dette er ei kombinasjonsstilling med 60 % administrasjon og 40 % pedagogisk leiar.
Vi søkjer deg som har engasjement for barnehagedrift, kvalitet og leiing. Som styrar har du ei viktig rolle som pådrivar av barnehagen sitt kvalitetsarbeid, og vi ønskjer deg som kan vere ein dyktig og inspirerande leiar for tilsette i dette arbeidet.
Du vil inngå i leiargruppa for Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, og delta i tverrfagleg samarbeid, organisasjons- og leiarutvikling. Oppvekstområdet består av kommunale barnehagar, skular og Familiens hus. Som styrar vil du vere ein sentral aktør i kommunen sitt utviklingsarbeid retta mot barn og unge. Du skal, saman med dei andre leiarane på Oppvekstområdet, bidra til felles kulturbygging og gode og heilskapelege tenester på tvers. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit trygt og godt barnehagemiljø.
Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og satsinga er på språk. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.
Arbeidsstad
Strandvik barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Strandvik. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 7 tilsette og 22 barn fordelt på 2 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for den pedagogiske verksemda i barnehagen og leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
- Utvikle barnehagen sitt leiarteam og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon
- Personalansvar
- Leie det daglege arbeidet slik at forsvarleg drift vert sikra
- Sikre effektiv bruk av ressursane innanfor vedtekne rammer og budsjett.
- Bidra i tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærer eller annen høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
- Ønskjeleg med vidareutdanning innanfor administrasjon og leiing, gjerne nasjonal styrarutdanning.
- Ønskjeleg med leiarerfaring frå barnehage.
- Særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune
Eigenskaper::
- Nytenkande, involverande og samlande leiar
- Målretta og resultatorientert
- Lyttande og reflektert
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Kontaktperson
Irene kvåle Foer, Fagsjef kommunale barnehagar, mobil: 917 57 972, [email protected]
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:Søk her
Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Bartenderjobb uten forhåndskunnskap!
Lillehammer - Kjøpstaden - Publisert 21.1.2025Bli bussjåfør i JVB - fleksibel jobb med variasjon og opplevelser
Lillehammer - Jvb Tur AS - Publisert 21.1.2025Account Manager B2B - Grafisk produksjon - Bærums Verk
Bærum - Adpoint AS - Publisert 21.1.2025Kokkar
Bremanger - Knutholmen AS - Publisert 21.1.2025