Kjersti Søvik

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Publisert4.11.2025
Søk senest18.11.2025

Om stillingen

Ledig 100% stilling som pedagog/spesialpedagog frå 01.12.2025

Vi treng ein pedagog/spesialpedagog som kan gjennomføre opplæring ASK (Alternativ og supplerande kommunikasjon), teikn-til-tale og individuell tilrettelagt opplæring i heile breidda i skulen sitt oppdrag.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og god opplæring. Vi vil gjerne ha deg som har kompetanse i alternativ supplerande kommunikasjon og teikn-til -tale. Leik for å lære og musikk som arbeidsmåte er særs aktuelt. Vi treng ein tilsett som tek ansvar for ITO-tiltak i planlegging, gjennomføring og vidareutvikling. Erfaring, formell kompetanse og motivasjon til vidareutvikle kompetanse vil bli vurdert. Vi treng ein pedagog/miljørettleiar som trivst med barn og samhandlar godt med barn og vaksne. Tett samarbeid med andre tilsette, heim og aktuelle fagmiljø er naudsynt. 

Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde.

Arbeidsstad
Ved Eikelandsosen barneskule arbeider vi i småteam kring klassane, der fleire vaksne samhandlar tett om opplæringa og å skape gode læringskollektiv. Vi arbeider i tråd med LK20 og ny opplæringslova og utviklar oss kontinuerleg for å halde fram å vere ein god utdanningsarena for elevane og ein god arbeidsplass for dei vaksne.

Eikelandsosen barneskule legg vekt på praktisk, variert og relevant opplæring der vi brukar skog, fjell og strand i tillegg til idrettshall, symjebasseng og eit allsidig skuleanlegg. Vi likar å gjere ting ute!

Eikelandsosen barneskule har kring 90 elevar frå 1.-7. årssteg hausten 2025 og kring 12 tilsette. Skulen ligg fint til i ei solrik sørhelling, er sentralt plassert ved Fusa symjehall, idrettsanlegg og sentrumsfunksjonar i Eikelandsosen.

Personalet ved skulen har ein aktiv sosialkomité som arrangerer kjekke frivillige opplevingar. Vi vil gjerne ha deg med på turar og konsertar!  

Arbeidsoppgåver
Ansvar for opplæring i grunnskulefag og ITO-tiltak etter § 11 i opplæringslova. 

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning eller anna relevant utdanning frå høgskule eller universitet som gir undervisningskompetanse. Ønskeleg med spesialpedagogikk. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg vaksen i samhandling med barn. Du må vere sjølvstendig og villeg til å prøve ut og å gjennomføre varierte arbeidsmåtar i ITO-arbeid. Kommunikasjon med ASK og teikn-til-tale er sentralt i arbeidet denne stillinga skal dekke. Vi ynskjer også at du skal kunne vere ein tydeleg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse;  Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgje BANK-ID informasjon i søknadsprosessen


Link til søknadsskjema: Søk her

Kjersti Søvik

BedriftKjersti Søvik

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt