Jobbsafari
Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst

2 måneder siden
OmrådeOs
Søk senest3.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Lunde barneskule har ledig fast stilling i 65% som miljørettleiar/vernepleiar/psyk.sjukepleiar

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).

Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 330 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar.

Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen.

Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året. Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt.

Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».

Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.

Arbeidsoppgåver
Arbeid med elevar på småtrinnet og mellomtrinn i skulekvardagen.  Samarbeid med dei ulike faggruppene i skulen og vere med på å utvikle og følge opp alternative opplæringsmåtar i skulekvardagen.

Vår nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.


Kvalifikasjonar
Miljørettleiar/vernepleiar/psyk.sjukepleiar, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.

Særleg viktig er evna til å skape gode relasjonar, kunne handtere konfliktar og ha ei aktiv, positiv rolle blant elevane gjennom heile skulekvardagen, inne og ute. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar.

Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke.

Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Link til søknadsskjema:

Søk her

Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule

BedriftBjørnafjorden kommune Lunde barneskule
Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger