Gaute Johnsgård

Vil du vera med og tryggja Lærdal? Me søkjer brannkonstablar

Område

Lærdal

Publisert

20.4.2026

Søk senest

10.5.2026

Om stillingen

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn, kjenneteikna av engasjement, framtidstru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med om lag 2 200 andre lærdøler. Den vakre bygda vår inst i Sognefjorden ligg sentralt til, midt mellom Oslo og Bergen.

Kommunen har store fjell‑ og utmarksområde som byr på rike høve for eit aktivt friluftsliv. Lærdal er òg ei levande kulturbygd med ein rik kulturarv, mellom anna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Leitar du etter ein meiningsfull, lærerik og samfunnsnyttig deltidsjobb, og ønskjer du å vera med og tryggja lokalsamfunnet ditt? Då kan du vera den me søkjer etter.

Lærdal brann og redning har 3 ledige faste deltidsstillingar som brannkonstabel, med snarleg tilsetjing.

Om brann- og redningstenesta

Lærdal brann og redning har sløkke‑ og beredskapsansvar for akutte hendingar i Lærdal kommune. Lærdal og Årdal kommune samarbeidar innan brann og redning, og tenesta disponera kompetente mannskap og gode ressursar for å handtera ulike typar hendingar som kan råka kommunane.

Mannskapa deltek i månadlege øvingar som er baserte på realistiske og aktuelle hendingar.

Krav til stillingane

  • Søkjar må tilfredsstilla fysiske og medisinske krav til røykdykking
  • Bu‑ og arbeidsstad i nærleiken av brannstasjonen vil bli vektlagt
  • Responstid er 5 minutt
  • Deltaking i brannvern krev skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar
  • Alle som arbeidar innan brann og redning må leggja fram gyldig politiattest

Ønska kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse C
  • Relevant erfaring frå brann‑ og/eller beredskapsarbeid
  • Fyrstehjelpskompetanse
  • Gode samarbeidsevner

Naudsynt intern opplæring vil bli gitt, og lovpålagt utdanning gjennom Noregs brannskule må gjennomførast.

Lærdal brann og redning skal spegla det norske arbeidslivet, og me oppmodar særleg kvinner til å søkja. Me ønskjer breidde og mangfald, og håpar fleire vil vera med å byggja ein endå sterkare brann‑ og redningsressurs i Lærdal.

Link til søknadsskjema: Søk her

Tilbake til toppen

Gaute Johnsgård

Bedrift

Gaute Johnsgård

Søk etter flere lignende stillinger

LærdalSikkerhet og beredskap

Lignende stillinger

Kundeservicemedarbeider deltid, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo17.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS