Vil du jobbe i akuttpsykiatrien i sommar?
Om stillingen
Vi søkjer ferievikarar til vår avdeling! I samband med ferieavvikling søkjer vi engasjerte medarbeiderar til akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus!
Vi søkjer pleieassistent, helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar.
Akuttpsykiatrisk post er ei lukka eining med ansvar for øyeblikkeleg hjelp-innleggjingar. Vår hovudoppgåve er å ta imot akutt psykisk sjuke menneske med eit breitt spekter av problemstillingar. Vi skal sørgje for at dei som treng akutt bistand får god og forsvarleg hjelp og behandling.
Stillinga er hovedsakleg tiltenkt på natt. Stillingsprosent og fordeling av vakter, samt startdato/sluttdato, kan tilpassast. Opplys ynskjer om dette i søknadsteksten.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapeutisk behandling på lukka døgneining
- Medikamenthandtering
- Somatiske undersøkingar og somatisk oppfølgjing
- Delta på tverrfaglege behandlingsmøter
- Kontakt med pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ynskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde
- Gode kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
- Interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad
- Fagleg engasjement
- Gode samarbeidsevner
- Trivst med å arbeide i tverrfaglege team
- Tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Ein spennande arbeidsplass med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern
- Ei erfaren personalgruppe og fast tilsette spesialistar
- Rettleiing/undervisning og anledning til å bidra i fagutvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, +47 41863999Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4967435769
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 29.08.2025
Søknadsfrist: 27.05.2025