Magnhild Aspevik

Vil du jobba med landbruksforvaltning og bygdenæring?

Område

Lærdal

Publisert

16.4.2026

Søk senest

10.5.2026

Om stillingen

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

 

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

 

Me søkjer no etter bygdeutviklar med hovudarbeidsfelt innan landbruk.

Stillinga er plassert under kommunalområdet samfunn, kultur og næring, der hovuddelen av arbeidsoppgåvene er knytte til landbruksforvaltninga. Landbruksforvaltninga er organisert som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

Me ser etter deg som ønskjer å arbeide med landbruksforvaltning og natur- og landbruksbasert næringsutvikling. Du bør vere fleksibel og initiativrik, kunne arbeide sjølvstendig og ha gode evner og vilje til samarbeid og kommunikasjon, både med kollegaer og publikum.

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning tilsvarande bachelorgrad (180 studiepoeng). Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • God digital kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Praksis og erfaring med offentleg forvaltning er ein føremon

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver som er tillagde stillinga omfattar mellom anna:

  • Forvaltning av ulike landbruksrelaterte tilskotsordningar
  • Forvalting av lover og regelverk innan landbruksforvaltning og offentleg forvaltning
  • Sakshandsaming av politiske saker
  • Rådgjeving og informasjonsarbeid knytt til arbeidsoppgåvene i stillinga
  • Oppgåver knytte til natur- og landbruksbasert næringsutvikling
  • Pådrivar for satsing og utvikling av lokal mat og drikke
  • Besøksforvaltning
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast

Me tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag
  • Fleksitidsordning etter avtale
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø

Om Lærdal kommune

Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2. klasse, samt gratis deltids-SFO for 3. klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram, i tillegg til alt anna som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Magnhild Aspevik

Bedrift

Magnhild Aspevik

Søk etter flere lignende stillinger

LærdalNatur og miljø

Lignende stillinger

Kundeservicemedarbeider deltid, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo17.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS