Lola Amèlie Martinez Aasen
Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell? – Fast stilling som assistent med utvida ansvar.
Om stillingen
Eg er ei vaksen dame som no ser etter ein triveleg og påliteleg BPA-assistent som kan bli ein viktig del av kvardagen min. Eg likar godt å leve eit roleg og innhaldsrikt liv, både heime og ute blant folk. Heime trivst eg med plantane mine og å stelle litt i hus og heim. Samstundes er eg glad i musikk, og eg set stor pris på konsertar og andre kulturelle arrangement.
I denne faste stillinga ynskjer eg meg ein person som både har godt humør, er sjølvstendig, og som kan bidra til at kvardagen min blir trygg, sosial og fleksibel. Du vil ha utvida ansvar, noko som betyr at du tek vare på assistansegarantien for min assistanseordning og kan stille dersom andre assistentar blir sjuke. Difor er det ein stor fordel om du er fleksibel, løysingsorientert og trivst med å ha ekstra ansvar.
Om stillinga:
- Stillingsstorleiken er om lag 50 %.
- Stillinga har leiaransvar med assistansegaranti og bemanningsansvar.
Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere:
- Assistanse i heimen.
- Følgje på konsertar, kulturarrangement og andre små utflukter.
- Kvardagslege gjeremål og praktiske oppgåver.
- Administrative oppgåver som inngår: HMS og bemanning.
- Bidrag til struktur og kontinuitet i BPA-ordninga.
Du passar truleg godt i jobben om du:
- Er roleg, varm og påliteleg
- Likar musikk, kultur og små kvardagsgleder
- Er fleksibel og kan stille ekstra ved behov
- Har god kommunikasjon og liker å samarbeide
- Er komfortabel med både rolege dagar og meir aktive dagar
Opplæring vert gitt, og personleg kjemi vil bli vektlagt.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar eg du sender ein søknad og fortel litt om kven du er, kanskje blir du min nye faste assistent!
Som personleg assistent i JAG utgjer du ein skilnad kvar dag, og personleg eignaheit er avgjerande.
Lola Amèlie Martinez Aasen
Bedrift
Lola Amèlie Martinez Aasen
