Maria Møen Bauge

Vil du bli sjukepleiar i eit dialysemiljø med fagleg puls og varmt hjarte?

OmrådeStord
Publisert3.11.2025
Søk senest17.11.2025

Om stillingen

Då kan dette vere stillinga for deg.

Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og kollegaer som ser kvarandre og stiller opp når det trengst.

Vi arbeider med hemodialyse, nyremedisinsk poliklinikk og transplantasjonsutgreiing. Som sjukepleiar hos oss får du følgje pasientar gjennom sårbare og krevjande forløp, og du får tid og rom til å bli trygg i det spesialiserte fagfeltet.

Opplæring og fagleg utvikling er ein naturleg del av jobben. Vi har to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg på medisinsk sengepost. 

For å gi deg ei trygg og god oppstart, tilbyr vi opplæringsvakter i forkant. Difor ønskjer vi at du kan starte så snart det passar for deg – men vi er fleksible og finn ei løysing saman. 

👉 Høyrest dette ut som noko for deg?


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie, oppfølging av pasientar som får hemodialyse og sjukepleie til pasientar ved medisinsk sengepost kvar 3. helg
  • Opplæring og rettleiing av pasientar etter prinsippa for primærsjukepleie.
  • Pasientoppfølgjing av hemodialyse.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant sjukehuserfaring frå nefrologi er ein fordel.
  • Gode tekniske og systematiske ferdigheita og grunnleggende datakunnskaper. 

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • har struktur og fokus på nøyaktighet i det du gjer
  • er oppteken av å skape gode møte med både pasientar og kollegaer
  • tek initiativ og er ikkje redd for å gripe nye utfordringar
  • trivst med å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
  • stiller opp og gjer det som trengst – også når det hastar
  • er med på å skape eit trygt og støttande arbeidsmiljø

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
  • moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
  • ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette ved behov
Dersom du har fortrinnsrett til stilling, må du gi beskjed om dette i søknaden.

Kontaktinformasjon

Marita Våge, Funksjonsleiar medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse, 97095737, [email protected]
Gloria Martinsdóttir Hauan, Konstituert funksjonsleiar, lunge, hjerte sengepost, 91300840
Maria Møen Bauge, Konstituert funksjonsleiar, gastro, slag, generell sengepost, 95960575

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5036182253
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.11.2025

Maria Møen Bauge

BedriftMaria Møen Bauge

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Psykologspesialist/psykolog

Oslo kommune, Barne- og familieetaten

Oslo11.12. - 22.12.
Ny