Vil du bli med og bidra til god pasientflyt?
Om stillingen
Har du lyst til å bli ein del av eit engasjert og tverrfagleg team?
Vi søkjer etter helsesekretær eller sekretær i full stilling.
På Medisinsk poliklinikk arbeider vi innan fagområda hematologi, endokrinologi, infeksjon og kreft. Dei merkantile ved Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken jobbar tett saman i eit felles kontormiljø. Vi har ōg ei dagbehandling knytt til poliklinikken, der vi gjer ulike infusjonsbehandlingar. I tillegg utfører vi blodprøvetaking og medisinske undersøkingar ved Medisinsk undersøking.
Hos oss jobbar legar, sjukepleiarar, merkantilt personell og fotterapeutar side om side for å sikre god pasientbehandling. For å oppnå effektiv drift og trygg pasientflyt, treng vi dyktige og strukturert merkantilt personell på laget.
Du vil få grundig opplæring og støtte frå våre erfarne merkantile kollegaer. Her blir du ei viktig brikke i eit arbeidsmiljø prega av godt samarbeid og høgt tempo ? til det beste for pasientane våre.
Høyrest dette interessant ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Besvare henvendelser frå pasienter og pårørende, både i telefon og i skranke
- Innkalling/timeoppsett
- Enkle laboratorieundersøkingar og EKG
- Diverse registrerings- og dokumentasjonsarbeid
- Førefallande arbeid
- Anna kontorarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsesekretær eller sekretær
- Erfaring frå sjukehus blir vektlagd
- Erfaring med journalsystemet Dips er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- kan jobbe sjølvstendig og i team
- er serviceinnstilt
- har gode kommunikasjonsevner og behersker norsk munnleg og skriftleg
- er systematisk og nøyaktig
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Hilde Cathrine Espeland, Funksjonsleiar, +47 90745927Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4965338995
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025