Vil du bli fastlege med nordsjøturnus, ved eit velorganisert legekontor i hjarta av Ryfylke?
Om stillingen
Suldal kommune har ledig intervallstilling som fastlege («Nordsjøturnus») frå februar 2026. Hos oss kan du kombinere ein periodevis hektisk jobb som fastlege med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kople av både i naturen og i det urbane bygdemiljøet.
Om eininga
Suldal legekontor har åtte fastlegar og ein LIS1-lege. Fire av legane jobbar i intervallstillingar.
Legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og Frisklivsentral, og ligg tett på sjukeheim, heimeteneste og psykisk helse. Me har eit godt fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.
Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Du trivst med varierte oppgåver, er fagleg trygg og samarbeider godt med andre. Du har evne til å ta ansvar og bidra til utvikling av gode helsetenester.
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
• Gode arbeids- og lønsforhold
• Intervallordning som gir fleksibilitet
• Aktivt fagmiljø med fokus på samarbeid
• Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning
• Aktivt velferdsutval med sosiale aktivitetar
• Me er ein LEAN-kommune med fokus på utvikling
Kva gjer ein fastlege i Suldal kommune?
• Allmennpraksis med pasientliste (listetak 570)
• Deltaking i legevakt (6-delt vakt)
• Kommunale oppgåver
• Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell
• Andre oppgåver i tråd med eininga sitt behov
Kven søkjer me?
Me ser etter ein fagleg dyktig og samarbeidsorientert lege.
Formelle krav:
• Norsk autorisasjon som lege
• Må kunne delta i legevakt
• Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Velkommen til kraftlaget vårt!
Om Suldal kommune
I Suldal kommune er det ikkje berre vasskrafta som er sterk – her finn du også menneskekraft, naturkraft og kulturkraft. Me er stolte av å vere Noregs største kraftkommune, med Kvilldal – landets største kraftstasjon – og Blåsjø, det største vassmagasinet i Nord-Europa.
Men krafta i Suldal handlar om meir enn energi. Det handlar også om dei levande småbygdene, dei engasjerte innbyggjarane og det rike kulturlivet.
Her kan du:
• Utforske Stranddalen, Gullingen og Suldalslågen – perfekte for fjellturar, fiske og friluftsliv
• Oppleve laksesafari, dagsturhytter, frisbeegolf og verdas beste jordbær frå Jelsa
• Delta i kulturlivet på Kulturhuset, Ryfylkemuseet eller Suldal bad
• Nyte lokalmat, gardsutsal og små eventyr i kvar ei grend
Suldal er ein kommune med rom for ro og rom for liv, der du kan kombinere ein meiningsfull jobb med eit rikt liv utanfor arbeid. Her er det kort veg frå jobb til fjelltopp – og frå fagleg utvikling til fellesskap og fritid.
Les meir om Suldal her
Kontakt:
Adriaan van Ruiven, einingsleiar
Telefon: 454 22 697
E-post: [email protected]
Andre ressursar som kan nyttast
• Velkommen til Kraftlaget – podkasten som tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt.
• Les om Kraftlaget i Suldal kommune
• Film om jobb i Suldal kommune
• Film om prøvebu ordninga
• Film om jobb i Suldal kommune
Link til søknadsskjema: Søk her

