Om stillingen
Om stillinga
Me treng helgevikarar og tilkallingsvikarar for institusjonstenester og tilkallingsvikarar i heimetenester.
Institusjonstenester og heimetenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg.
Som tilkallingsvikar bestemmer du heilt fritt når du vil jobbe, som helgevikar er arbeidstida etter turnus.
1. helsetun
2. kjøken
3. heimebaserte tenester
4. dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt
Skriv i søknaden om du ynskjer eitt av vala under, eller om du vil kombinere nokon av desse:
- helgevikar ved institusjonstenester og jobbe kvar 3. helg, og langvakt om du ynskjer det
- tilkallingsvikar ved institusjonstenester
- tilkallingsvikar ved heimetenester
Arbeids- og ansvarsområde
- OPPGÅVER HELSETUNET:
- pleie og omsorg til pasientane
- hjelp til personleg hygiene
- tilsyn
- rapportere til sjukepleiar om pasientane sine behov og observasjonar / endringar
- dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal
- vere med pasientane i aktivitetar ved avdelinga, turar med elektrisk sykkel, gå- eller trille tur
- sosialt samvær som til dømes: sjå bilde og film frå nær og fjern, lese avisa, songstund - OPPGÅVER HEIMEBASERTE TENESTER:
- yte naudsynt helsehjelp, stell, pleie, tilrettelegging og god omsorg
- sårstell
- medikamentutdeling
- førebyggande og rehabiliterande helsearbeid
- samarbeid med forskjellige faggrupper og tverrfagleg samarbeid
- praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag - OPPGÅVER DAGTILBOD:
- delta i aktivitetar for og med heimebuande personar med kognitiv svikt
- delta i drift av dagsenter
- bidra til gode opplevingar ved måltida - OPPGÅVER KJØKEN:
- ulike oppgåver delegert frå kjøkenleiar
- rapportere til kjøkenleiar om pasient eller brukarane sine behov og eventuelle endringar
- delta i tillaging av mat / middag til helsetunet og til heimebuande
Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar)
- ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- For å dekke desse tenestene treng me sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og pleiemedarbeidarar / assistentar
Personlege eigenskapar
Me søker deg som har lyst til å jobbe med pasientar og brukarar i Aurland kommune, helse og omsorg.
Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi ynskjer at du;
- har interesse, og er motivert til å jobbe innan helse og omsorg
- er audmjuk, fleksibel og løysingsorientert
- har evne til samarbeid, og kan kommunisere godt med pasientar, brukarar og kollegaer
- tek initiativ og er engasjert slik at trivnaden til pasient og brukar skal bli best mogleg
- har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- har godt humør og er positiv
- tek nye utfordringar
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- Studentar under høgskuleutdanning får startløn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga.
- Sjukepleiestudentar som har fullført medikamentprøve får kr 10 000 i tillegg til tariffløn
- Me ynskjer at du fyller 18 år i løpet av 2024, men yngre søkarar kan også få tilbod
- For å jobbe i heimetenesta må du ha førarkort, klasse B
- Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Aurland Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Midlertidig 50 % stilling som assistent i skole/SFO
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024Engasjert og kreativ pedagogisk medarbeider
Oslo - Øraker Barnehage AS - Publisert 9.12.2024Regnbuen Steinerbarnehage søker flere pedagoger til vårt frodige fellesskap!
Asker - Regnbuen Steinerbarnehage - Publisert 9.12.2024Fagansvarlig eiendomsmegling og regnskap.
Tønsberg - Skagerak Eiendomsforvaltning AS - Publisert 9.12.2024Midlertidig 30 % stilling for miljøterapeut
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024