Bømlo Kommune

Vikar for lærarar og miljøpersonale i grunnskulane i Bømlo kommune

Område

Bømlo

Publisert

4.7.2026

Søk senest

18.6.2027

Om stillingen

Om stillinga

Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027.

Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat.

Om skulane
Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo

Søknadsprosess:
Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

18.06.2027

Arbeidsgivar:

Bømlo kommune

Stad:

Bremnes, Bømlo, Mosterhamn, Rubbestadneset, Finnås

Stillingstittel:

Vikar for lærarar og miljøpersonale i Bømloskulen

Tilsetjingsform:

Vikar

Webcruiter-ID:

5152923081

Startdato:

10.08.2026

Sluttdato:

18.06.2027

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen.
  • Miljøpersonale: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. For miljørettleiarstillingane krevst relevant utdanning.
  • Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar.
  • Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig.

Personlege eigenskapar

  • Trygg og tydeleg i møte med barn og unge.
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Raus og fleksibel.

I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.

Me tilbyr

  • Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • For lengre vikariat er det tilbod om velferdsklubb med tilsettegoder.
  • Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk.

Andre opplysingar
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25).

Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på.

Adresse: Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Bremnes ungdomsskule
Idrettsvegen 91
5430 Bremnes
Norge
Opne vegbeskriving

Gilje Skule
Giljevegen 251
5430 Bremnes
Norge
Opne vegbeskriving

Hillestveit skule
Hovlandsvegen 11
5443 Bømlo
Norge
Opne vegbeskriving

Meling Skule
Melingsheio 20
5430 Bremnes
Norge
Opne vegbeskriving

Moster skule
Espelandssjøen 1
5440 Mosterhamn
Norge
Opne vegbeskriving

Rubbestadneset skule
Ramskleiva 49
5420 Rubbestadneset
Norge
Opne vegbeskriving

Svortland skule
Idrettsvegen 100
5430 Bremnes
Norge
Opne vegbeskriving

Våge skule
motorsportvegen 1
5437 Finnås
Norge
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon

Kari Østensen

Rektor v/Svortland skule

Telefon: 993 86 606

Maryann Steinsbø

Rektor v/Gilje skule

Telefon: 992 77 987

Olaug Norenes Hovda

Rektor v/Våge skule

Telefon: 404 64 340

Joakim Lund

Rektor v/Moster skule

Telefon: 930 08 438

Torunn Hatlevik

Rektor v/Hillestveit skule

Telefon: 934 61 743

Christin Klubben

Rektor v/Bremnes ungdomsskule

Telefon: 957 74 456

Tone Baugstø

Rektor v/Rubbestadneset skule

Telefon: 990 34 994

Katrine Hausberg

Rektor v/Meling skule

Telefon: 958 35 391

Om arbeidsgivaren

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Tilbake til toppen

Bømlo Kommune

Bedrift

Bømlo Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bømlo

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS