Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Vikar for driftsoperatør/fagarbeidar VAV
Om stillingen
Me søker:
Vikar for driftsoperatør/fagarbeidar i 100% stilling til VAV-avdelinga (vatn, avløp, veg) frå 01.10.24 i ca eit år.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Drift, ettersyn og vedlikehald av pumpestasjonar, reinseanlegg, vassverk, kalkingsanlegg m.m.
- Vedlikehald og reparasjonar av teknisk utstyr, pumper og anlegg
- Lekkasjesøk og reparasjon.
- Vedlikehald av VA-bygg og tilhøyrande areal
- Vegvedlikehald
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som driftsoperatør, røyrleggar, elektrikar, mekanikar eller nærliggande fagområde.
- Relevant praksis (kan kompensere for manglande formell kompetanse)
- Grunnleggjande datakunnskap
- Førarkort for bil og tilhengjar.
- Maskinførarbevis, ADK og andre relevante kursbevis er ein fordel.
- Beherska norsk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Me treng ein praktisk problemløysar som både kan arbeide sjølvstendig og saman med andre. Du må ikkje vere redd for å ta i eit tak, også utanfor primærområdet.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:Søk her
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Bedrift
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Om bedriften
Eining Kommunaltekniske tenester har ansvar, drift og vedlikehald, samt utbygging, innanfor fagområda veg, vatn og avløp, eigedomsforvaltning, kommunale bygg og grøntområde samt politisk sakshandsaming innafor desse områda. Eininga har 25 stillingsheimlar. Einingsleiar har resultat-, økonomi- og personalansvar for si eining.