Jobbsafari
Hemato/endo/infeksjon sengepost, Helse Fonna HF

Vi søkjer helsefagarbeider!

21 dager siden
OmrådeHaugesund
Søk senest3.7.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Ønskjer du å jobbe på ei interessant avdeling med varierte arbeidsdagar og eit godt arbeidsmiljø?

Vi har nå ledig vikariat som helsefagarbeider i todelt turnus fram til september 2025. 

Hemato/endo/infeksjon er ein medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som består av tre fagfelt. Du kjem til å jobba innanfor alle områder. Her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling. 

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål!  


Arbeidsoppgåver

  • Gi nødvendig pleie og omsorg
  • Utføre medisinskfaglege oppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Administrative oppgåver
  • Bidra til kompetanseutvikling
  • Student- og lærlingansvar kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Må ha erfaring frå arbeid ved sjukehus 
  • Relevant erfaring frå fagområda hematologi, endokrinologi eller infeksjonssjukepleie er ein fordel
  • Gode datakunnskaper
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

    Hos oss er det viktig at du: 

    • er fleksibel og liker variasjon
    • har ståpåvilje og er ansvarsbevisst
    • er både sjølvstendig og samarbeider godt i lag med andre
    • har gode kommunikasjonsevner
    • bidrar til gode og trygge pasientforløp
    • har evne til å kunne prioritere ved høg aktivitet

    Vi tilbyr

    • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
    • Det vil bli utarbeidd individuelle kompetanseplanar i tråd med behov i organisasjonen
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Trivelig og godt arbeidsmiljø

    Mangfaldserklæring 
    Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935


    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120


    5528 Haugesund


    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



    Referansenr.: 4829859803


    Stillingsprosent: 100%


    Vikariat


    Søknadsfrist: 03.07.2024



    Hemato/endo/infeksjon sengepost, Helse Fonna HF

    BedriftHemato/endo/infeksjon sengepost, Helse Fonna HF
    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger