Anny Iren Rinden

Vi søker lærlingar til helsefagarbeiderfaget

Publisert13.1.2026
Søk senest23.2.2026

Om stillingen

Midt-Telemark kommune søker engasjerte og motiverte lærlingar i helsefagarbeiderfaget til vårt team!

Vi søker deg som har eit sterkt ønske om å bli fagarbeidar. Du er læringsvillig, påliteleg, møter presis og set ære i å levere arbeid av høg kvalitet til beste for dei som treng din fagkompetanse og hjelp.
Som lærling i helsefagarbeiderfaget får du moglegheita til å lære og utvikle deg i eit spennande og variert arbeidsmiljø. Du vil tileigne deg praktisk erfaring innan pleie og omsorg, og bidra til å betra livskvaliteten til våre pasientar. Du vil jobbe nært erfarne fagfolk som gir deg rettleiing og støtte gjennom lærlingetida. I tillegg til å få verdifull arbeidserfaring får du lønn under utdanning, praktisk opplæring, kurs og oppgåver som bygger din kompetanse.

Vi har lærlingar ved somatiske avdelingar, demensavdeling, heimetenester, dagsenter/aktivitetssenter og i tilrettelagte bustader for barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.

Dersom du er klar for å ta steget inn i helsefagarbeiderfaget og ønskjer å bli ein del av vårt team, send søknad og CV. Vi ser fram til å høyre frå deg!


Alle som søkjer lærlingplass må, i tillegg til søknaden, søke via  VIGO  og gjennom Opplæringskontoret for offentlig sektor Telemark (OKOS)  FØR 01.03.2026.


Arbeidsoppgåver

I løpet av læretida skal du mellom anna få opplæring og arbeidsoppgåver i følgjande punkt:

  • Ein helsefagarbeidar gir omsorg, personleg og praktisk hjelp til menneske som treng det. Som helsefagarbeidar jobbar du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. Det kan vere barn, vaksne og eldre menneske med ulike funksjonshemmingar, sjukdommar, eller med behov for rehabilitering.
  • Arbeidsoppgåvene varierer, og er avhengige av pasienten eller brukarens behov og kor du jobbar. Som helsefagarbeidar skal du kunne utføre grunnleggjande sjukepleie som til dømes sårstell.
  • Du skal kunne hjelpe pasienten eller brukaren med praktiske gjeremål og personleg hygiene. Du har også administrative oppgåver som å skrive rapport.
  • Som lærling i helsearbeiderfaget jobbar du i turnus. Dette inneber arbeid på dagtid, kveldstid, i helger og på høgtidsdagar. Gjelder ikkje dagsenter/aktivitetssenter.
  • Arbeide med oppgåver i kompetanseboka

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått alle fag i  VG1 helse - og oppvekstfag og VG2 helsefagarbeiderfag
  • I heimetenesten er det ein fordel med førarkort
  • God muntlig og skriftlig framstillingsevne, minimun B1 nivå

NB: Husk å legge ved dokumentasjon på karakterar og fråvær som vedlegg til søknaden.

    Særskilde krav

    • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4 Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

    Personlege eigenskapar

    • Er lærevillig, fleksibel og motivert
    • Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
    • Likar utfordringar og er løysingsorientert
    • Er ansvarsbevisst, lojal og viser initiativ

    Personleg egnahet, god orden og lite fråvær vil vektleggast i den i den totale vurderinga.

    Vi tilbyr

    • Ei lærebedrift som har lang erfaring i å utdanne autoriserte helsefagarbeidarar.
    • Dyktige instruktørar som har brei fagkunnskap på kvar enkelt arbeidsplass, og som er dyktige til å gi rettleiing og tilbakemelding til lærlingane.
    • Interessante og spanande arbeidsoppgåver, tverrfaglege og aktive arbeidsmiljø.
    • Lønn under utdanning.
    • Oppfølging frå OKOS.
    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune.
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

    Kontaktinformasjon

    Anny Iren Rinden, spesialkonsulent personal, +47 911 94 270

    Arbeidsstad

    Gamleveg 46
    3802 BØ I TELEMARK

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5061412496
    Stillingsprosent: 100%
    Lærling
    Søknadsfrist: 23.02.2026

    Anny Iren Rinden

    BedriftAnny Iren Rinden

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger

    Get Paid to Annotate Native-Language Text Data

    Oneforma

    Norge11.2. - 11.3.
    Anbefalt