Anny Iren Rinden

Vi søker lærlingar til barne- og ungdomsarbeiderfaget

Publisert13.1.2026
Søk senest23.2.2026

Om stillingen

Vi treng fleire superheltar i laget rundt barna  og ungdommane våre!

Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med barn og unge i barnehage, skule og SFO.

Vi søker deg som har eit sterkt ønske om å bli fagarbeidar. Du er læringsvillig, påliteleg, møter presis og set ære i å levere arbeid av høg kvalitet til beste for dei som treng din fagkompetanse og hjelp.
Du vil jobbe nært erfarne fagfolk som gir deg rettleiing og støtte gjennom lærlingetida. I tillegg til å få verdifull arbeidserfaring får du lønn under utdanning, praktisk opplæring, kurs og oppgåver som bygger din kompetanse.

Som barne- og ungdomsarbeidar har du ei viktig rolle i liva til barn og unge og du kan gjere ein forskjell. Du skal hjelpe dei med utfordringar, og rettleiie dei i leik og aktivitetar for å bygge tillit og utforsking. Du skal sjå kvart barn, delta i leiken, inkludere dei i aktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap. Det viktigaste er å skape gode relasjonar; vere ein varm og trygg vaksen som får dei til å kjenne seg verdifulle.


Alle som søkjer lærlingplass må, i tillegg til søknaden, søke via  VIGO  og gjennom Opplæringskontoret for offentlig sektor Telemark (OKOS)  FØR 01.03.2026 


Arbeidsoppgåver

I løpet av læretida skal du mellom anna få opplæring og arbeidsoppgåver i følgjande punkt:

  • planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkeltes funksjonsnivå og livssituasjon
  • anvendelse av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
  • kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfliktløysing og å vere ein tydeleg vaksenmodell
  • arbeide med oppgåver i kompetanseboka

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått VG1 helse - og oppvekstfag og VG2 barne- og ungdomsarbeiderfag
  • God muntlig og skriftlig framstillingsevne, minimum B1 nivå

NB: Husk å legge ved dokumentasjon på karakterar og fråvær som vedlegg til søknaden.

    Særskilde krav

    • Krav om politiattest, jf. Lov om Barnehager § 30 og Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæring § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

    Personlege eigenskapar

    • Er lærevillig, fleksibel og motivert
    • Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
    • Likar utfordringar og er løysingsorientert
    • Er ansvarsbevisst, lojal og viser initiativ

    Personlege eigenskapar, god orden og lite fråvær vil vektleggast den i den totale vurderingen.

    Vi tilbyr

    • Ei lærebedrift som har lang erfaring i å utdanne barne- og ungdomsarbeiderar.
    • Dyktige instruktørar som har brei fagkunnskap på kvar enkelt arbeidsplass, og som er dyktige til å gi rettleiing og tilbakemelding til lærlingane.
    • Interessante og spanande arbeidsoppgåver, tverrfaglege og aktive arbeidsmiljø.
    • Lønn under utdanning.
    • Oppfølging frå OKOS.
    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune.
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

    Kontaktinformasjon

    Anny Iren Rinden, spesialkonsulent personal, +47 911 94 270

    Arbeidsstad

    Gullbringvegen 31
    3800 BØ I TELEMARK

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5061412703
    Stillingsprosent: 100%
    Lærling
    Søknadsfrist: 23.02.2026

    Anny Iren Rinden

    BedriftAnny Iren Rinden

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger

    Get Paid to Annotate Native-Language Text Data

    Oneforma

    Norge11.2. - 11.3.
    Anbefalt