Trygve Danbolt Øygard

Vi søker leiar for framtidas Kjeldsund – der verdiar blir til opplevingar!

Publisert12.1.2026
Søk senest28.2.2026

Om stillingen

Vi ser oss om etter ein dyktig dagleg leiar som kan vere med å utvikle og drifte Kjeldsund.

Hva vi ser etter

Vi ser etter ein trygg og samlande leiar med erfaring frå personalleiing og dagleg drift, som evnar å kombinere struktur og gjennomføring med varme og relasjonsbygging. Du kommuniserer tydeleg og tillitsfullt, skaper engasjement og trivsel, og har evne til å samarbeide breitt med tilsette, frivillige, styre og samarbeidspartnarar.

Du ønskjer å leie i tråd med Kjeldsunds kristne verdigrunnlag og deler engasjementet for fellesskap, natur, læring og berekraft. Med blikk for både historie og framtid er du utviklingsorientert, løysingsfokusert og trygg i rolla som den som set retning og tek ansvar i ein variert kvardag.

Arbeidsoppgaver

Vi ser etter deg som vil vere me då utvikle og drifte Kjeldsund så nye generasjonar får kome på leir, og å oppleve meiningsfulle aktivitetar.

Leiing og personalansvar

  • Overordna ansvar for dagleg drift av verksemda

  • Personalansvar inkludert medarbeidarsamtalar, oppfølging av tilsette og gjennomføring av stabsmøte

  • Sikre eit forsvarleg og inkluderande arbeidsmiljø

  • Leie og koordinere frivillig innsats

Styre- og organisasjonsarbeid

  • Bindeledd mellom styret og leirstaden

  • Sekretærfunksjon for styret, inkludert sakshandsaming og oppfølging av styrevedtak

Drift, utvikling og prosjektoppfølging

  • Ansvar for utviklingsprosjekt

  • Bidra til at Kjeldsund blir utvikla i tråd med dei strategiske måla og berekraftsprinsipp

  • Oppfølging av budsjett og rekneskap

Bygningsmasse og anlegg

  • Overordna ansvar for teknisk tilstand på bygg og anlegg

  • Dialog med riksantikvar, fylkeskommune og kommune i saker knytt til bygningsvern og områdevern

  • Sikre at uteområdet er i samsvar med gjeldande krav og retningslinjer

Relasjonar og vertskap

  • Sørgje for at gjester og frivillige opplever eit profesjonelt og imøtekommande vertskap

  • Representere Kjeldsund i møte med samarbeidspartnarar og lokalsamfunn

Vi tilbyr

  • Ei ansvarsfull og variert leiarstilling

  • Moglegheit til å vidareutvikle ein tradisjonsrik og samfunnsnyttig institusjon

  • Eit engasjert arbeidsmiljø med både tilsette og frivillige

  • Lønn etter tariff

Trygve Danbolt Øygard

BedriftTrygve Danbolt Øygard

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.1. - 28.2.
Anbefalt

MC/Field engineer (MECH)

Ikm Gruppen AS

Bergen7.2. - 26.2.
Ny