Jobbsafari

Vi søker IT-entusiast til Norges mest spennande reiselivsbedrift!

OmrådeAurland
Publisert21.10.2024
Søk senest14.11.2024

Om stillingen

Norway?s best har ein fast 100%  stilling i avdeling for IT, der me ser etter deg med fagbrev innan IT-faget og/eller formell kompetanse og erfaring som erstattar fagbrev.  Som IT konsulent vil du levera IKT-tenester og brukarstøtte til alle avdelingar i bedrifta. Derfor trur me at du er ein person som liker at ingen dag er den andre lik, at du blir gira av problemløysing og blir motivert av å utvikla din eigen IT-kompetanse. I ei bedrift med diversifisert drift og aktivitetar vil du bli kjend med mange ulike system, folk og plassar. Det vil krevja at du er nysgjerrig, har lyst å læra, og dessutan dela kunnskap og løysa problem saman med kollegaene dine.

Ansvarsområde og krav til stillinga

Du må ikkje kvalifisere innan alle områda under, men som eit minimum må du kjenne til og ha driftserfaring frå miljø med Microsoft Azure/Microsoft 365, samt erfaring med nettverk og drift av fagsystem.

Arbeidsoppgaver

Designe og implementere, konfigurere, sikre og vedlikeholde:

  • Windows 10/11, Autopilot og Intune
  • Azure AD
  • DLP/ATP og øvrige sikkerhetsfunksjoner
  • Tenantadministrasjon
  • Azure PaaS og IaaS
  • Brukarstøtte

Må ha krav

  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig, norsk og engelsk
  • Førerkort klasse B
  • Driftserfaring Microsoft Azure/Microsoft 365, nettverk og fagsystem

 Me tilbyr

Ein spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges ledande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. I Norway?s best er me opptatt av mangfald og inkludering, dette speglar seg i kulturen vår. Dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan være seg sjølv og blir sett og respektert for den dei er.

Nokon av våre goder:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordninger gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Rabatt og tilbod på Norway?s best sine produkt og aktivitetar

Arbeidstad: Flåm, Aurland kommune

Reiser mellom reisemåla og kontorplassar må påreknast


Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway?s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger, Lofoten og Oslo. Norway?s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway?s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.

Norway's Best AS

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger