Jobbsafari
Vestavind As Bygdeblad For Sveio

Vestavind søker journalist

OmrådeSveio
Publisert20.11.2024
Søk senest30.12.2024

Om stillingen

Vil du bli journalist i Vestavind?

Vestavind, lokalavisa for Sveio kommune, har ledig 100 % fast stilling som journalist.

Me kan tilby ein spennande jobb i eit lite og moderne mediehus, med ein offensiv digital strategi.

Me tilbyr:

  • Fast journalist-stilling i ein ekspansiv region med stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og flott natur.

  • Kontorplass i eit moderne og trivelig lokale midt i Sveio sentrum, som ligg 20 minuttars køyring nord for Haugesund sentrum og 30 minuttar sør for kommunesenteret Leirvik i Stord kommune.

Me ønsker ein journalist som:

  • Kan jobbe raskt og effektivt, og kaste seg rundt når det trengs, men samstundes ha evne til å gå i djupna og vere grundig.

  • Har kunnskap om og interesse for sosiale medium.

  • Skriv nynorsk og/eller bokmål.

  • Disponere eigen bil.

Vestavind As Bygdeblad For Sveio

BedriftVestavind As Bygdeblad For Sveio
Om bedriften

Lokalavisa Vestavind vart stifta i 1986, og kjem ut i papirformat kvar torsdag samt med daglege oppdateringar på nett. Avisa er limet mellom bygdene i Sveio, og skal bidra til å redusera handelslekkasje, samt støtta lokalt næringsliv. Vestavind har opplag på 1571. Verksemda har tre tilsette på heiltid med redaktør, journalist og dagleg leiar/marknadsansvarleg. Kontoret er i Sveio sentrum.

Søk etter flere lignende stillinger