Jobbsafari
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Vernepleiar/sjukepleiar

1 måneder siden
OmrådeSandane
Søk senest20.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Er du vår nye kollega? Vi søkjer etter vernepleiar eller sjukepleier til 75% fast stilling i Miljøarbeidartenesta.

Kvar dag møter mange personar opp på jobb i Gloppen for å skape eit godt liv og gode tenester for alle som oppheld seg i kommunen vår. Helse i Gloppen kommune er mellom anna organisert i Miljøarbeidertenesta, Bu- og omsorgsteneste, Heimetenesta, Legetenesta og Busetjings- og integreringstenesta. I kommunen samarbeider vi på tvers av einingane. Viste du at vi har eigne fagnettverk for område som psykisk helse, velferdsteknologi og klinisk observasjonskompetanse? Som tilsett hos oss ynskjer vi at du engasjere deg i arbeid med fag og fagutvikling.

Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca. 55 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. 

Stillinga vil ved oppstart vere knytt til avdeling Nordåsen der det bur fem personar med varierande behov for bistand. Det er eigne leilegheiter knytt til fellesareal for brukarane og ei eiga personaleining. Ein er eit personale på arbeid, og samarbeidar med avdeling Myklebusttunet der ein treng. Stillinga er organisert som langvakter med kveldsvakt og påfølgande kvilande nattevakt. 

Overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid, psykisk og somatisk helseoppfølging, støttesamtalar og legemiddelhandtering. 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid
  • Primærkontaktansvar
  • Koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
  • Oppfølging av psykisk og somatisk helse
  • Sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • Legemiddelhandtering
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar/sjukepleier, eller anna helse og sosialfagleg utdanning
  • Gjerne vidareutdanning innan psykisk helse / habilitering og miljøarbeid eller liknande
  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa og miljøterapeutisk arbeid 
  • Klinisk observasjonskompetanse
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for brukargruppa
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du har godt humør, god omsorgsevne, stabilitet og er flink til å bygge relasjonar
  • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik og balanserer oppgåvene godt.
  • Du har evne til å skaffe deg oversikt og tilegne deg nye kunnskap
  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel og evner å arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Ein kjekk og meiningsfull jobb der du i Nordåsen arbeider mykje aleine, men er ein del av eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Engasjerte, hyggelege og kvalifiserte kollegaer
  • Du får bidra aktivt inn i fagleg arbeid og utvikling av det miljøterapeutiske arbeidet
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Kristine Eide Ryssdal, Avdelingsleiar Nordåsen og Myklebusttunet m/ uteteam,, 911 39 159


Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186


Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4750969653


Stillingsprosent: 75%


Fast


Startdato: 22.04.2024


Søknadsfrist: 20.03.2024



Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

BedriftMiljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.


Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger