May Anette Brattestå Sollie

Vernepleiar 100% fast

OmrådeTokke
Publisert6.2.2026
Søk senest19.2.2026

Om stillingen

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.
Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.

Arbeidsoppgåver

- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
- Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar
- Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler
- Ta ansvar for planer, tiltak og IP
- Dokumentere i journalsystem
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansar

Kvalifikasjonar

- Offentleg godkjent vernepleiar
- Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar
- Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg
- Bidra til at eininga når sine målsettingar
- Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar
- Fleksibel og løysningsorientert
- Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
- Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
- Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoral

Vi tilbyr

- Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
- Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver
- God opplæring
- Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Gode kommunale arbeidsvilkår
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad!

Kontaktinformasjon

May Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 48297251

Arbeidsstad

Ivirovegen 13
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5075592863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.02.2026

May Anette Brattestå Sollie

BedriftMay Anette Brattestå Sollie

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Solutions Consultant with Norwegian and English

Telus Digital Bulgaria

Bulgaria11.3. - 10.4.
Anbefalt