Vedlikehaldsteknikar innan kommunalteknikk
Om stillingen
100% fast stilling som vedlikehaldsteknikar innan kommunalteknikk.
Referansenr.: 5029178027
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Arbeidsoppgåver
- Drift- og vedlikehaldsarbeid hovudsakleg innan bygg og anlegg
- Vedlikehald av utstyr
- Vikariere for, og avlaste vedlikehaldsteknikarar innan kommunalteknikk
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein praktisk, løysingsorientert og samfunnsbevisst medarbeidar som kan bidra til trygg og effektiv drift av kommunale tenester. Vi ønsker særleg kandidatar som kjenner seg igjen i fleire av punkta under:
Formell bakgrunn og kompetanse
- Fagbrev innan drift/vedlikehald VA, mekaniske fag, bygg/anlegg, elektro, automasjon
- Erfaring frå kommune/anna offentleg eller privat verksemd innan fagområda vil vere ein fordel
- Erfaring frå praktisk drift, inspeksjon og vedlikehald av anlegg, bygg eller tekniske installasjonar er ein fordel
- Erfaring med helse, miljø og tryggleik (HMT) og beredskap
Andre krav/ønskje
- Førarkort klasse B (førarkort for tyngre køyretøy er ein fordel)
- Komfortabel med bruk av digitale verktøy for dokumentasjon, registrering og driftssystem
- Må kunne delta i vaktordning etter nærare avtale
- Språk: God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og med høg gjennomføringsevne
- Trygg i kommunikasjon, med god vurderingsevne og evne til å takle uventa situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte
- Serviceinnstilt med gode samarbeidsevner – du trivst med å møte folk og representere kommunen utad
- Påliteleg, ansvarsbevisst og med høg integritet
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her .
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Karl Vidar Førde, Kommunalsjef samfunn og utvikling, +47 90780743Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5029178027
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Karl Vidar Førde
BedriftKarl Vidar Førde
Vis flere jobber for denne bedriften
