Sunnfjord kommune Vassenden skule
Vassenden skule har ledige stillingar i skulen
Om stillingen
Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO.
Vi har ledig:
- Inntil 100% fast stilling som miljøterapeut
- Inntil 100% fast stilling som assistent/ barne- og ungdomsarbeidar
Stillingane følgjer skuleåret, og krev at ein er fleksibel og kan gå i vaktsystem på SFO i tillegg til skuletida. Det kan og bli aktuelt å jobbe i skulane sine feriar ved behov.
Vi tilbyr:
- Arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med stor variasjon
- Eit godt fagleg og sosialt miljø
- Tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande løns- og pensjonsvilkår
Krav til søkar til begge stillingane:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er engasjerte, målretta og fleksible
- er tydelege og motiverande i gruppeleiing, relasjonsbygging og elevhandtering
- har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i nynorsk
- har god digital kompetanse
- fordel med kjennskap og erfaring med PALS
- ha interesser for fysisk aktivitet, kreative fagområde og praktiske arbeidsmåtar
Krav til søkar til miljørettleiar:
- Pedagogisk og/eller- sosialfagleg utdanning på bachelornivå. Anna kompetanse kan og vere aktuell
- Arbeidserfaring innan sosioemosjonelle vanskar, og førebygging og handtering av utagerande åtferd er ein fordel
- Kunne følgje opp elevsaker, førebyggande skulemiljøarbeid og samarbeide med føresette, leiinga, lærarar, assistentgruppa og eksterne hjelpeinstansar
Krav til søkar som assistent/ barne- og ungdomsarbeidar:
- Ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring som assistent i skule og/eller barnehage, men ikkje eit krav
- Det vil vere fordel med erfaring med alternativ kommunikasjon som t.d. «teikn-til-tale»
Velkomen som søkjar!
Du må søkje elektronisk.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn på intervju og referansar vert innhenta.
Menn vert spesielt oppmoda om å søkje.
Link til søknadsskjema:Søk her
Sunnfjord kommune Vassenden skule
BedriftSunnfjord kommune Vassenden skule
Om bedriftenSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.