Vaskerimedarbeidar – 30% vikariat pluss tilkallingsvakter
Om stillingen
Har du lyst til å bli ein del av eit viktig og trivelig team som sørger for at kvardagen flyt for både tilsette og bebuarar?
Vi søkjer ein praktisk anlagt og ansvarsbevisst medarbeidar til vårt vaskeri. Stillinga passer for deg som trivast med fysisk arbeid og liker å halde orden. Arbeidet inneber daglege rutinar i vaskeri og vil ha ei viktig rolle i å sikre reine tekstilar og eit trygt miljø for bebuarar og tilsette.
Vaskeriet ved Vågåheimen følgjande ledig stilling:
Vaskerimedarbeidar -- 30% vikariat pluss tilkallingsvakter ledig frå d.d t.o.m mai 2026
Arbeidsoppgåver
Sortering, vask, tørk og distribusjon av tøy
Klargjering av tøy
Handtering av smittetøy med gode hygienerutinar
Enkelt vedlikehald og reingjering av vaskerimaskiner
Oppretthalde eit ryddig og sikkert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Erfaring frå vaskeri eller tilsvarande arbeid er ein fordel
Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
Strukturert, serviceinnstilt og fleksibel
Gode rutinar for hygiene og orden
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Praktisk sans og løysingsorientert
Nøyaktig og ansvarsbevisst
Serviceinnstilt og samarbeidsvillig
Vi tilbyr
Ein aktiv og variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter gjeldande tariffavtaler
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, og dei til einkvan tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. For denne stillinga vil det bli kravd politiattest, jfr. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Vi er opptatt av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. For alle stillingar i kommunen vil det bli lagt vekt på personleg eignaheit slik som engasjement, sjølvstendigheit, fleksibilitet og evne til samarbeid.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til [email protected].
Søknadsfrist: 15.12.2025
Velkommen som søkjer!
