Western Norway University of Applied Sciences

Utviklar - digitale tenester (teknikar)

Område

Bergen

Publisert

8.7.2026

Søk senest

9.8.2026

Om stillingen

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Digital tenesteutvikling (ITDT) utviklar og forvaltar IT-løysingar til bruk i HVL, og tilpassar og integrerer eksternt leverte produkt. Eininga er rådgjevar og ansvarleg for prosjekt- og utviklingsmetodikk.

ITDT søker ein engasjert og framtidsretta utviklar som ønskjer å bidra til utvikling av moderne digitale tenester for utdanning, forsking og administrasjon.

Vi ser etter deg som trivst med å utvikle gode tekniske løysingar, og som kan bidra til å skape godt samarbeid på tvers av team og fagmiljø, for å skape robuste, sikre og framtidsretta løysingar for studentar og tilsette.

Hos HVL får du moglegheit til å arbeide med teknologi som støttar utdanning, forsking og samfunnsoppdraget vårt. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med stor fridom til å påverke teknologi, arbeidsmåtar og vidare utvikling.

Vi ynskjer å byggje moderne, bærekraftige og framtidsretta digitale tenester - og vi trur dei beste løysingane blir skapte gjennom samarbeid, deling av kompetanse og vilje til utvikling.

Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund.
  • Utvikle nye digitale tenester for HVL
  • Forvalte og vidareutvikle HVL sine eksisterande applikasjonar og digitale tenester
  • Utvikle og forvalte integrasjonstenester
  • Bidra til moderne utviklings- og leveranseprosessar
  • Kunne ta i bruk AI/KI-verktøy og nye teknologiar der dette gir verdi
  • Bidra til koordinering og samarbeid på tvers av team

Formell utdanning og kompetanse:
  • 3-årig vidaregåande skule eller tilsvarande, helst relevant tilleggsutdanning og praksis frå sjølvstendig arbeid
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med applikasjons- og mikrotenesteutvikling
  • Erfaring med å utvikle og forvalte integrasjonsflyt med hjelp av REST-APIer
  • Erfaring med å administrere APIer og tilgong med hjelp av IntArk/Gravitee
  • Erfaring med å utvikle og forvalte løysinger i HTML, CSS og SQL
  • Erfaring med å utvikle og forvalte løysinger i Javascript og PHP
  • Erfaring med bruk av åpen kildekode Javascript og PHP-bibliotek
  • Ønskjer å bruke AI/KI-assistert utvikling av digitale tenester

Personlege eigenskapar:
  • Du har god teknologiforståing og likar å sjå heilskap
  • Du har genuin interesse for utvikling, automatisering og moderne teknologi
  • Du er flink til å tilegne deg kunnskap gjennom dokumentasjon
  • Du har kjennskap til administrative prosesser i UH-sektoren
  • Du er løysingsorientert og er åpen for andre sine innspel og idear
  • Du kan arbeide sjølvstendig
  • Du likar å samarbeide og bidra til framdrift i prosjekt og team
  • Du kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske miljø
  • Du er nysgjerrig, initiativrik og opptatt av kontinuerleg forbetring

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Tilbake til toppen

Western Norway University of Applied Sciences

Bedrift

Western Norway University of Applied Sciences

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Barnehagelærer

Bergen Kommune

Bergen13.7. - 27.7.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS