Jobbsafari
Utvikling, Helse Vest IKT

Utviklar – Automatisering

24 dager siden
OmrådeBergen
Søk senest30.9.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Har du lyst på ein jobb med meining? Kva med å bidra til å forenkle kvardagen til helsepersonell? Om du er interessert i ny teknologi, og likar å sjå raske resultat av arbeidet ditt, så er dette jobben for deg!

Helse Vest IKT har eit av dei mest spanande miljøa for robotisert prosessautomatisering (RPA) og lavkode i Noreg. Vi har ei sentral teneste som leverer automatisering av prosessar til alle føretaka i Helse Vest og deira rundt 30 000 tilsette. Vi leverer løysingar med ulike verktøy som inkluderer mellom anna UiPath og Microsoft Power Platform.
Teamet vårt består av åtte medarbeidarar som jobbar med automatisering, lavkode og chatbots. Vi har erfart at for å nå dei beste løysingane krev det, i tillegg til arbeidet med RPA-verktøya, utstrekt bruk av tradisjonell utviklarkompetanse for programmering av skript, database og arbeid med tekniske grensesnitt (API). Det viktigaste for oss er at løysingane våre bidreg til at dei tilsette i sjukehusa får meir tid til pasientane.
Arbeidsstad er Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Utvikling av RPA Prosesser i UiPath
  • Utvikling av løysingar i Microsoft Power Platform
  • Utvikling av ulike løysingar i våre lavkode-verktøy
  • Rådgjevnad om løysingar i lavkode-kategorien saman med bestillar og prosjektleiar
  • Følgje opp dagleg drift og forvaltning av eksisterande løysingar
  • Bidra aktivt med å forbetre våre tenester
  • Dokumentere leveransane og arbeidsmetodane våre
  • Delta i lokale og regionale prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Erfaring med RPA-utvikling og/eller andre lavkode-verktøy
  • Kjennskap til .Net, C#, PowerShell, SQL og/eller andre programmeringsspråk
  • God forståing av arbeidsprosessar og verksemder
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du er nøyaktig, du lærer fort, og du er glad i å dele kunnskap
  • Du er god til å tenke kreativt, og du har evne til å utforske nye tilnærmingar
  • Du er interessert i å halde deg oppdatert innanfor teknologi, og du synest at fagleg påfyll er givande
  • Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert
  • Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samstundes som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst
  • Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid

Vi tilbyr

  • Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje
  • Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen
  • Fagleg utvikling gjennom spanande oppgåver, fagdagar og kurs
  • Engasjerte kollegaer
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
  • Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Øyvind Sætrevik, Gruppeleiar, +47 99554337


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4836066099


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.09.2024



Utvikling, Helse Vest IKT

BedriftUtvikling, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger