Jobbsafari
Universitetet i Bergen

Universitetslektor i lingvistikk

17 dager siden
OmrådeBergen
Søk senest8.10.2024
JobbdetaljerVikariat
Søk på jobb

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Universitetslektor i lingvistikk

Velkomen som søkjar til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i lingvistikk frå 1. januar 2025 til 30. juni 2025, med moglegheit for forlenging, ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).


Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium 

Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet har studieprogram i kunsthistorie, klassiske fag, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, nordisk litteratur, teatervitskap, og norskkurs for internasjonale studenter og tilsette ved Universitetet i Bergen. 


Arbeidsoppgåver

Til stillinga som universitetslektor i lingvistikk ligg det undervisning og undervisningsrelatert arbeid, i tillegg til noko administrasjon. Universitetslektoren skal undervise i lingvistikk, hovudsakleg på bachelornivå, særleg innan emna fonologi og programmering retta mot språkvitarar (t.d. Python eller R). Rettleiing og sensur innen andre emne på instituttet kan vere aktuelt i stillinga.
Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører sitt arbeid på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si daglege drift, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett, må ha:

  • Norsk mastergrad eller hovudfag i lingvistikk eller anna relevant fag eller tilsvarande utanlandsk grad.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.

Det er ein føremon med:

  • Relevant fagleg profil i høve til dei aktuelle undervisningsemna.
  • Undervisningspraksis i lingvistikk på høgskule- og universitetsnivå, gjerne i form av både fysisk og digital undervisning.
  • Relevante forskingsresultat utover mastergradsnivå.
  • Relevant yrkespraksis.
  • Gode ferdigheiter i norsk eller anna skandinavisk språk.

Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) eller engelsk.

Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner blir difor tillagt vekt. 


Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 61-65 (kode 1009) i Statens regulativ. For tida svarar dette til mellom  594 500 - 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet og søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon eller stadfeste kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk erfaring), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Dokumenta kan vere i Word- eller pdf-format. 

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. 

Vi gjer oppmerksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Carl Börstell på telefon: 55 58 30 15 eller e-post: [email protected] eller instituttleder, professor Anders Fagerjord på telefon: 55 58 36 53, eller e-post: [email protected].

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til [email protected]

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet i Bergen

BedriftUniversitetet i Bergen
Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger