Ung i jobb - omsorg

OmrådeUlsteinvik
Publisert11.3.2026
Søk senest30.4.2026

Om stillingen

Om stillinga

Er du på jakt etter ein meiningsfull sommarjobb? Vi ser etter deg mellom 15-17 år som har interesse av å arbeide med eldre, og har eigenskapar som kan nyttast i arbeidet. Omsorgsetaten har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheim og omsorgsbustadar.

Arbeidsoppgåver

  • Tilberede mat og assistere ved måltid
  • Drive miljøarbeid, som til dømes aktivitet, song og musikk, speling og lesing
  • Rydding og enkel reingjering av rom og lager
  • Andre forefallande oppgåver

Som tilsett i "ung i jobb" skal du ikkje utføre oppgåver som stell og toalettbesøk.

Kvalifikasjonar

  • Ungdom mellom 15-17 år
  • Du må snakke godt norsk


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som
  • Likar å arbeide med menneske
  • Har lyst til å lære og samarbeider godt
  • Møter presis
  • Er arbeidssam og tek initiativ


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Forsikring gjennom Storebrand
  • Godt og lærande arbeidsmiljø

Ulstein Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Barnehagelærer By barnehage

Åfjord Kommune

Åfjord16.4. - 22.4.