Undervisningsvikar maskinavdeling
Om stillingen
Har du lyst på ein jobb å stortrivast i?Fagskulen Vestland, studiestad Førde, er framleis i vekst. Vi har hatt stor auke i tal studentar og tilsette, vi har utvikla nye studium, både lange og korte.
Vi er samlokaliserte med Campus Verftet i nye, fine lokale ved sjøen.
No treng vi ein dyktig vikar på maskinlinja i eit 6 månaders engasjement frå 1. august og fram til jul 2025.
Arbeidsoppgåver
Vi treng ein ingeniør som kan undervise, og være læringsleiar, for våre lærevillige studentar.I tillegg kan det være arbeidsoppgåver knytt til vidareutvikling av våre lab-fasilitetar i Campus Verftet og utvikling av nye studium i samarbeid med næringslivet. Vi er no i gang med å etablere og vidareutvikle ein tverrfagleg lab på Campus Verftet, og vi arbeider med å sertifisere metall- og betonglaben.
Fagskulen Vestland har etablert ein etter- og vidareutdanningsavdeling som er lokalisert ved studiestad Førde. Saman med lærarane våre avdekkar dei kompetansebehov i næringslivet, og utviklar nye studium.
Du også kan være med å påvirke den vidare utviklinga av Fagskulen Vestland.
Kvalifikasjonar
Er du ingeniør, fagskuleingeniør eller sivilingeniør, og har fagkompetanse innan maskin? Då er du den rette for oss!
Om du har pedagogisk utdanning er det fint. Viss ikkje, legg vi til rette for at du kan få rettleiing av våre gode pedagogar.
Personlege eigenskapar
Du likar tanken på å være lærar innan høgare yrkesfagleg utdanning for ein gjeng vaksne studentar med fagbrev og / eller allsidig praksis.
Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
Du er glad i faget ditt, har evna til å engasjere deg og samtidig engasjere andre.
Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
Vi tilbyr
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege og engasjerte kollegaer, gode tverrfaglege diskusjonar og høve til å knytte kontaktar i det lokale næringsliv.
Kontaktinformasjon
Stig Svendsen Savland, avdelingsleiar, 91693588Arbeidsstad
Øyrane 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4940691066
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 19.12.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
FAV - Avd. Elektro og maskin Førde, Vestland fylkeskommune
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025