Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2025
Om stillingen
Skulane i Giske kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2025, både faste stillingar og vikariat. Det vil også vere ledige stillingar i Basen, forsterka avdeling ved Valderøy barneskule og ved Naustet, alternativ opplæringsarena ved Giske ungdomsskule.
Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er "Det var bra eg kom", med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule.
Dei aller fleste stillingane inneber kontaktlæraransvar.
Kompetansebehov:
Lærar 1. - 7.
Lærar 5. - 10.
Lærar med kompetanse på begynneropplæring.
Lærar med spesialpedagogisk kompetanse i ASK.
Fag: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, særskilt norskopplæring, krle, musikk, kunst og handtverk.
For alle stillingane gjeld:
- Det er krav om gyldig politiattest.
- Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
- I tillegg til formell utdanning og praksis legg vi vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.
VIKTIG !
I søknaden må du gi opp informasjon om:
- Kva skule søkjer du til - oppgi eventuell prioritering mellom skulane.
- Kva grunnutdanning har du? (Allmennlærarutdanning 1-7? Allmennlærarutdanning 5-10? Førskuleutdanning m/evu?)
- Kva fag har du - og kor mange studiepoeng i kvart fag?
- Kva kompetanse har du i spesialpedagogikk, studiepoeng?
- Kor mange år har du jobba som lærar?
- Har du erfaring som kontaktlærar?
- Har du erfaring frå alternativ opplæringsarena, erfaring frå forsterka avdeling?
Kvalifikasjonar
Vi søkjer lærarar med spesialpedagogisk kompetanse, og ASK-kompetanse som:
- har gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging gjennom å vere ein autorativ vaksen
- har fokus på fagleg inkludering gjennom tilpassa opplæring i elevgruppa
- har evne og vilje til nytenking og utvikling
- har engasjement, løysingsvilje og evne til fleksibilitet
- har evne til å bidra til eit godt samarbeid
- har erfaring som kontaktlærar
- har god digital kompetanse - erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga vert vektlagt
- har god norskkunnskap både munnleg og skriftleg (nynorsk)
Vi tilbyr
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette og lokalsamfunn som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette
Giskeskulen har ambisjonar om å skape eit inkluderande og samlande oppvekstmiljø. Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er:
- barnet/ungdommen er i sentrum
- ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene
- læring er sosial med fokus på samarbeid
- barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd
- vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar,
- barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta
Skulane i Giske kommune :
Giske ungdomsskule: https://www.giske.kommune.no/giske-ungdomsskule/
Skulen er lokalisert på Valderøya med om lag 360 elevar fordelt på 15 klasser. Skuleåret 2025/26 oppretter vi Naustet, ein alternativ opplæringsarena. Einingsleiar /rektor Gry Støbakk Ytterland, tilf 926 52 950
Godøy skule : https://www.giske.kommune.no/godoy-skule/http://
Skulen er ein 1-7 skule, lokalisert på Godøya, med 130 elevar og med ca 50 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Oddfrid Reinlund, tlf. 480 23 464.
Vigra skule: https://www.giske.kommune.no/vigra-skule/http://
Skulen er ein 1-7 skule med 190 elevar og med ca 70 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Karianne Farstad tlf. 950 80 565.
Valderøy barneskule: https://www.giske.kommune.no/valderoy-barneskule/http://
Skulen er ein 1 - 7 skule med 455 elevar organisert i 4 avdelingar og ca 180 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Terje Austnes tlf. 907 87 060.
Base, Valderøy barneskule: Eiga forsterka avdeling, Basen, for 1.-10 trinn for elevar med alternative kompetansemål i alle fag. Einingsleiar / rektor Terje Austnes tlf. 907 87 060.
Giske skule: https://www.giske.kommune.no/giske-skule/http://
Skulen er ein 1-7 skule med 90 elevar og med ca 45 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Sunniva Kvalsund, tlf. 472 85 282.
Kontaktinformasjon
Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, 92652950Oddfrid Reinlund, Rektor, 48023464
Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, 95080565
Terje Andrč Austnes, einingsleiar/rektor, 90787060
Sunniva Åkernes Kvalsund, Avdelingsleiar, 47285282
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4932292297
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.03.2025
Oppvekst, Giske kommune
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025