Jobbsafari
Oppvekst, Kvam herad

Undervisningsstillingar i Kvam

2 måneder siden
OmrådeNorheimsund
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Velkomen som søkjar til undervisningsstillingar i Kvam herad!

Kvam er ein god stad å bu for barn og vaksne! Me har flotte naturområde, fjell og Hardangerfjord, og alt dette berre ein times biltur frå Bergen! 
Kvammaskulen treng fleire engasjerte grunnskulelærarar. Me treng deg som brenn for god undervisning i eit trygt og godt skulemiljø. Du er oppteken av å motivera elevane for livslang læring og medverknad! 

Kvam har seks grunnskular og vaksenopplæring:

  • Ålvik skule 1-7.
  • Øystese skule 1-7.
  • Kvam ungdomsskule 8-10.
  • Norheimsund skule 1-7.
  • Tørvikbygd skule 1-7.
  • Strandebarm skule 1-10.
  • Kvam vaksenopplæring

Me har ledige faste stillingar og årsvikariat. Prioriter gjerne arbeidsstad i søknaden.

Skulane har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar. Me arbeider for eit positivt elevsyn: "Barn er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg". 

Me har fokus på implementering av LK 20, ny opplæringlov, og bruker ulike verktøy/ prosjekt som er felles for alle skulane, som til dømes; LP-modellen (læringsmiljø og pedagogisk analyse), VFL (Vurdering for læring) , Dekom (desentralisert kompetanseutvikling) og BTI (Betre tverrfagleg innsats).  Me er også ein del av Udir si oppfølgingsordning. 


Arbeidsoppgåver

  • Planleggja og gjennomføra variert undervisning i tråd med LK20 og gjeldande lovverk
  • Kontaktlærar-oppgåver
  • Skapa eit trygt, godt og inkluderende læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
  • Delta i og bidra til lærande profesjonsfellesskap ved skulane
  • Delta i tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Skulane treng ulike kvalifikasjonar, mellom anna desse:

  • Godkjend lærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn iht. opplæringslova
  • Tilsetjing ved Vaksenopplæringa krev norsk som andrespråk
  • Spesialpedagogikk i tillegg til grunnutdanning
  • God fag/metode/ relasjons- kompetanse
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er:

  • ein trygg, raus, kreativ og tydeleg klasseleiar
  • fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
  • strukturert og overheld tidsfristar
  • kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar 
  • profesjonell, positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 

Me tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Kontaktlærartillegg kr 36.000,- pr år
  • Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra etter eit eige introduksjonsprogram med eigen rettleiar

Generell informasjon:

  • Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse for å få tilsetjing.
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta, og me ber om at de skriv søknaden på nynorsk.
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Kari Ljones, Rektor Kvam ungdomsskule, 480 30 068


Linda Haugland Jondahl, Rektor Norheimsund skule, 905 95 991


Kjell Arne Gjøn, Rektor Vaksenopplæringa, 918 15 847


Gjermund Dårflot Olsen, Rektor Ålvik skule, 97018570


Tore Torsvik, Rektor Øystese skule, 906 82 940


Camilla Støen Bakke, Rektor Strandebarm skule, 993 26 493


Jarle Tverli, Rektor Tørvikbygd skule, 93411246


Inga Lill Jensen Tolo, Leiar for skule, +47 951 19 865


Arbeidsstad


5600 Norheimsund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4772136733


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 10.03.2024



Oppvekst, Kvam herad

BedriftOppvekst, Kvam herad
Om bedriften

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger