Kari Lande

Undervisningsstillingar

Område

Tysnes

Publisert

27.2.2026

Søk senest

22.3.2026

Om stillingen

Me søkjer engasjerte lærarar med eit godt hjarte for elevane våre.

Vil du bidra i eit profesjonsfelleskap der me jobbar saman for eit trygt og godt skulemiljø, og er opptekne av læring og utvikling for alle? Då treng me deg på laget vårt!

Tysnes kommune har tre skular og vaksenopplæring: 

  • Uggdal skule: 1. til 4. trinn med om lag 120 elevar
  • Onarheim skule: 1. til 7. trinn med omlag 30 elevar
  • Tysnes skule: 5. til 10. trinn med om lag 200 elevar inkl. vaksenopplæring

Fokusområda i skulane våre er inkluderande praksis med fokus på verdiar. Me jobbar heile tida med å skapa gode relasjonar til elevane ved å sikra eit trygt læringsmiljø, der me legg vekt på å fremja helse, trivsel og læring. Skulane har som mål at alle elevane er del av eit lærande og inkluderande fellesskap. 

Tysnes kommune har ledig fast stilling og årsvikariat for skuleåret 2026/27. Me søkjer både deg som har erfaring og deg som er ny i yrket. Du må pårekna kontaktlæraransvar i stillingane. 

I CV-en ber me om at du spesifiserer kva fag du har undervisningskompetanse i, og kor mange studiepoeng du har i kvart fag. 

Tal på stillingar og stillingsstorleik kan avvika noko frå lysinga.


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og tilretteleggje undervisning som er inkluderande for alle elevar 
  • Bidra til å ivareta eleven sitt trygge og gode skulemiljø
  • Motivera elevar gjennom god vurderingspraksis
  • Planlegging, gjennomføring og tilrettelegging for inkluderande praksis
  • Delta i profesjonsfellesskapet med medskapande innhald
  • Ivareta eit godt samarbeid mellom lærar, fagarbeidar og skule-heim

Kvalifikasjonskrav

Me søkjer deg som har:

  • godkjent undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen, jf. opplæringslova
  • god digital forståing og er trygg i bruk av digitale verktøy i opplæringa
  • god kjennskap til den nye læreplanen
  • gode norskunnskapar, både munnleg og skriftleg

Ønskjeleg kompetanse: 

Til undervisning på 1.–4. trinn:

  • Grunnskulelærarutdanning 1.–7.

Til undervisning på 5.–10. trinn:

  • Kompetanse i norsk, engelsk, samfunnskunnskap og spansk.

I tillegg er det ønskjeleg med lærarar som har spesialpedagogisk kompetanse på både 1.-4. trinn og 5.-10. trinn. 

Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:

  • Politiattest jf. Opplæringslova § 17-11
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose. 

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som:

  • er ein tydeleg og god klasseleiar
  • er oppteken av å bygga gode relasjonar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • har evne til å motivera elevane
  • er omsorgsfull, fleksibel og løysingsorientert
  • viser engasjement og endringsvilje
  • har evne og vilje til samarbeid og deling.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 


Kvifor du skal jobba hos oss

Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Alle dei tre skulane våre ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga. 

Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i SPK- Statens pensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.

Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 

I Tysnes kan du frå og med 2026 få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar .

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.

For å sikra at du føler deg trygg i valet om å jobba hos oss, tilbyr me ein omvendt referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga vil du få høve til å kontakta nokon av våre medarbeidarar, slik at du kan stilla dei spørsmåla du måtte ønska, for finna ut om me er ein god match.


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. 

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. 

Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Tilbake til toppen

Kari Lande

Bedrift

Kari Lande

Søk etter flere lignende stillinger

TysnesUtdanning

Lignende stillinger

Kopier – Barona AS søker elektrikere

Barona

Drammen20.4. - inntil videre
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS