Liv Anne Bergo

Undervisningsstillingar 1.-10.trinn

OmrådeVaksdal
Publisert27.2.2026
Søk senest18.3.2026

Om stillingen

Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar

Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2026. 

Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsettingstidspunkt. Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.

Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skular (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:

Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad

Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus

Dale skule : Rektor Malin Sæterdal

Stamnes oppveksttun: Rektor/leiar Rose-Marie Mo Lilletvedt

Eksingedalen oppveksttun: Rektor/leiar Liv Anne Bergo

Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse.


Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar).
  • God digital kompetanse.
  • Søkarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk.
  • Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må du ha 30 studiepoeng.
  • Det er ønskeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse. 
  • Vi ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa.
  • Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte.
  • Du må ha godkjent politiattest.

Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som 

  • er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar mellom elevane
  • skapar eit godt samarbeid med elevane sine heimar
  • set eleven sitt beste i sentrum 
  • vektlegg tilpassa opplæring, elevmedverknad og fagleg vekst bidreg til skulane sitt profesjonelle læringsfelleskap 
  • har gode evne til samarbeid og kommunikasjon er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar 

    Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi oppmodar menn til å søkja. Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.


Vaksdal Kommune kan tilby

  • løn i tråd med tariffavtale og lokale lønsforhandlingar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • individuell oppfølging

Liv Anne Bergo

BedriftLiv Anne Bergo

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Barnehagelærer By barnehage

Åfjord Kommune

Åfjord16.4. - 22.4.
5 dager igjen