Undervisningsstilling ved Lonevåg skule
Om stillingen
Om stillinga
Lonevåg skule ligg nydeleg til ved Hatland skulesenter, ein spasertur frå Lonevåg senter. Det er kort avstand til både barnehage, ungdomsskule og Osterøy vidaregåande skule. Her ligg også det offentlege tannlegesenteret. Ein kort spasertur på nokre få hundre meter unna, ligg Osterøyhallen, Osterøy stadion og Fugledalen kunstgrasbane. Her ligg det til rette for ein trygg og god oppvekst!
Skulen vår har ser no etter deg som ønskjer å vere med å styrke laget vårt. Vi har ein ledig 100 % fast stilling som lærar/undervisningspersonell, og søkjer etter deg som har eit ønskje om å bidra inn i Osterøyskulen med ditt varme hjarte og engasjement for barn og opplæring. Stillinga er idag knytt til kontaktlæraransvar på mellomtrinnet og vi ser fortrinnsvis etter deg som har undervisningskompetanse i basisfaga. Om du har undervisningskompetanse i andre relevante fag, ønskjer vi også å høyre frå deg. Kanskje nettopp du, er nettopp det vi ønskjer oss?
Osterøyskulen sine satsingsområder er trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing. Deler du desse verdiane, gler vi oss til å få deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø for alle våre elevar
- Du har medansvar for at opplæringslova blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar/læring, og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper
- Bidra til eit utviklande og positivt arbeidsmiljø
Lista er ikkje uttømmande og vil variere utfrå stilling og kompetanse
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår i Statens pensjonskasse og hjå KLP.
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo!
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent pedagogisk utdanning i tråd med opplæringslova §17-3. Grunnskulelærarutdanning (GLU) 1.-7 er ønskjeleg.
- Dersom du er undervegs i eit utdanningsløp kan du også bli aktuell dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar.
- Det er krav om fremlegging av gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar.
Kven er du?
- Som pedagog på Lonevåg skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du er i godt humør og likar å jobbe med barn
- Du likar å samarbeide
- Du skaper engasjement, lyttar til elevane, tek deira innspel på alvor og utviklar opplæringa i tråd med dei
- Du set grenser på ein god måte, og er strukturert i arbeidet ditt
- Du er ein engasjert, profesjonell medarbeider som bidrar til utvikling
Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!

