Petter Tønjum

Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring OPK-AO Askøy vidaregåande skule

OmrådeAskøy
Publisert1.10.2025
Søk senest16.10.2025

Om stillingen

Askøy vidaregående skule har omlag 700 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Hausten 2023 flytta vi inn i eit nytt skulebygg med moderne undervisningslokaler, og hausten 2024 var også det gamle teoribygget ferdig rehabilitert. Våren 2026 skal Askøy kommune sitt nye idretts- og svømmeanlegg stå ferdig. Vi vil da kunne tilby eit samla, moderne og flott skuleområde.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi har ledig ein fast stilling som lærar på tilrettelagt avdeling.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytta til opplæring av elevar med særlege behov for tilrettelegging. Saman med andre lærarar og fagarbeidarar skal ein leggje til rette for, og delta i gjennomføringa av både kvardagslivstrening og opplæring i andre aktuelle fag for elevgruppa. Organiseringa kan vere både individuelt og i gruppe.

Sentrale arbeidsoppgåver er:
Samarbeide med lærarar og miljøarbeidarar om å skape ein skulekvardag med læring, trivsel og utvikling for elevar med samansette utfordringar.
Planleggje og gjennomføre opplæring ein til ein og i lita gruppe.
Utarbeide individuelt tilrettelagte opplæringsplanar for kvar elev.
Anna elevretta arbeid
Samarbeid heim -skule
Samarbeid med andre faginstansar

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Det er til denne stillinga krav om spesialpedagogikk i fagkrinsen. Søkjarar som manglar pedagogisk utdanning og/eller deler av den yrkesteoretiske utdanninga er velkomne til å søkje på stillinga - på vilkår at ein starter på ein slik utdanning innan to år. Erfaring frå arbeid med elevar som har behov pleie og omsorg, og utfordrande åtferd vil bli vektlagt.
Positivt elevsyn.
Den som blir tilsatt må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.

Personlege eigenskapar

Kunnskap og erfaring frå arbeid med mennesker med nedsett funksjonsevne, og med store og omfattande behov for tilretteleggjing. Evne til å bidra til ny læring uansett elevens kognitive fungering. Ha fokus på inkluderande undervisning og leggje til rette for at elevar med ulike føresetnader kan oppleve fellesskap.
Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar. Du må være fleksibel, løysingsorientert og lojal i en travel kverdag.  Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna.

Vi tilbyr

Eit stort mangfald i elevgruppa, og eit aktivt skulemiljø.
Eit spennande, og godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og i avtaleverk.
.

Kontaktinformasjon

Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5023207189
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025

Petter Tønjum

BedriftPetter Tønjum

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt