Jobbsafari
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, Vestland fylkeskommune

Undervisningsstilling i norsk

1 måneder siden
OmrådeDeknepollen
Søk senest31.5.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse).  Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.


Arbeidsoppgåver

Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning. Stillingane vil vera retta mot undervisning på studieførebuande og ulike yrkesfaglege utdanningsprogram.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse jf. forskrift til Opplæringslova §14-4


Undervisningskompetanse innan fagområdet,  minimum 60 stp.


Minimum utdanning på bachelornivå


God munnleg og skriftleg framstillingsevne


God digital kompetanse


Erfaring frå undervisning.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer personar som er utviklingsorienterte og som er villig til å dele kunnskap med andre tilsette på avdelinga. Vi vektlegg gode samarbeidsevner for å nå felles mål. Vi ønskjer kollegaer som har eit positivt elevsyn, som har gjennomføringsevne, som er reflekterte og som viser kreativitet.


Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.


Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.


Gode forsikrings - og pensjonsordningar.



Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Kari Silden Sølvberg, avdelingsleiar, 91753918


Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4812270918


Stillingsprosent: 50%


Fast


Startdato: 01.08.2024


Søknadsfrist: 31.05.2024



MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, Vestland fylkeskommune

BedriftMÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, Vestland fylkeskommune
Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Søk etter flere lignende stillinger