Jobbsafari
LAK - Laksevåg og Bergen maritime vgs, Vestland fylkeskommune

Undervisningsstilling i matematikk, naturfag og kroppsøving

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest5.5.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 410 elevar. Skulen har totalt 27 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen Brønnteknikk, Kjemiprosess og laboratoriefag og Maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.

Ved skulen er følgjande stilling ledig frå 1. august 2024:

80% årsvikariat undervisningsstilling i matematikk og naturfag.

40% årsvikariat undervisningsstilling i kroppsøving.


Arbeidsoppgåver

Undervisning i matematikk, naturfag og kroppsøving.

Kvalifikasjonar

De som søkjer må ha undervisningskompetanse i matematikk, naturfag og kroppsøving. 

Andre opplysningar

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Personlege eigenskapar

  • Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Liker å arbeide med ungdom

Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Irene Karin Hansen, ass. rektor              , 90036360


Arbeidsstad

Odd Frantzens plass 6


5008 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4802635981


Stillingsprosent: 80, 40%


Vikar


Startdato: 01.08.2024


Søknadsfrist: 05.05.2024



LAK - Laksevåg og Bergen maritime vgs, Vestland fylkeskommune

BedriftLAK - Laksevåg og Bergen maritime vgs, Vestland fylkeskommune
Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Søk etter flere lignende stillinger