Åsne Berge

Undervisningsstilling, 100% fast innan norsk og samfunnsfag

Område

Tokke

Publisert

14.7.2026

Søk senest

1.8.2026

Om stillingen


Vest-Telemark vidaregåande skule har ledig 100% fast undervisningsstilling innan faga norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi med oppstart frå 01.08.2026 eller så snart som råd.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere undervisning i faga norsk, samfunnskunnskap og programfaget sosiologi og sosialantropologi på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Har du eit eller fleire undervisningsfag i tillegg til dei nemnte, kan undervisning i desse faga bli aktuelt på sikt.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein medarbeidar, adjunkt eller lektor, med PPU eller tilsvarande praktisk-pedagogisk utdanning og formell undervisningskompetanse i norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi. 

Du må gjerne ha erfaring med klasseleiing og undervisning i vidaregåande skule eller frå ungdomstrinnet, men dette er ikkje eit krav. 

Ved behov kan det bli endringar i innhaldet i stillinga.

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner er viktig for det kollegiale og faglege samarbeidet, men og for å få til det beste laget rundt eleven. Vi ynskjer medarbeidarar som trivst saman med ungdom og som kan etablere og halde på gode relasjonar. I tillegg må du kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og samvitsfullt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

Ved Vest-Telemark vidaregåande blir du del av eit inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø. For regionen utgjer skulen ein kompetansearbeidsplass med rom for fagleg utvikling og deltaking i eit spennande profesjonsfellesskap. Arbeidstid i tråd med gjeldande avtaler gir eit komprimert arbeidsår med fri i skulen sine feriar.

Du har rett på offentleg tjenestepensjon, ein av dei beste i landet. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon.
Med pensjonsrett i SPK får du også medlemspris og gunstige betingelser på en rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Kontaktinformasjon

Åsne Berge, Avdelingsleiar undervisning, 95878252, [email protected]

Arbeidssted

Storvegen 195
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

Referansenr.: 5155729066
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.08.2026

Tilbake til toppen

Åsne Berge

Bedrift

Åsne Berge

Søk etter flere lignende stillinger

TokkeUtdanning

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS