Evelyn Henriksen

Tueteigen barnehage søkjer barne - og ungdomsarbeidar

OmrådeVoss
Publisert10.12.2025
Søk senest5.1.2026

Om stillingen

Tueteigen barnehage søkjer deg som er Barne - og ungdomsarbeidar

Me har ledig 100% mellombels stilling frå per dags dato til 31.07.2026.

Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden.

Om Tueteigen barnehage:
Tueteigen er ein kommunal barnehage som ligg i Granvin. Barnehagen har tre avdelingar, "Kjellaren", “Midten” og “Toppen”. Totalt er det 59 barn i barnehagen. Frå hausten skal me flytte inn i ny barnehage i sentrum av Granvin.

I Tueteigen barnehage er me opptekne av å gje borna eit godt omsorgs- og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Borna skal oppleva trygge vaksne som er til stades og støttar borna si utforsking, og som rettleiar og støttar born ved behov. Barnehagen skal vera ein trygg, utforskande og kjekk stad som borna gler seg til kvar dag.

I Tueteigen har barna eit stort og godt uteområde der dei kan boltre seg, samstundes som me legg vekt på å vera ute på tur i nærområde til barnehagen.

Voss herad tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.

Me ynskjer at

  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her

Evelyn Henriksen

BedriftEvelyn Henriksen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Test Engineer

Boresight And Alignment Solutions AS

Asker19.1. - 26.2.
Ny