Tospråkleg assistent i skule og barnehage
Om stillingen
Det vert lyst ut fast stilling som tospråkleg assistent /fagarbeidar (ukrainsk/norsk) ved Kyrkjebygda oppvekstsenter frå og med 24.08. 2026). Stillinga vil gjelde både skule og barnehage. Vektinga mellom dei to vil kunne variere med tanke på behov. Som tilsett i Nissedal kommune vil det også kunne bli aktuelt med andre arbeidsstader dersom behova endrar seg.
Kyrkjebygda oppvekstsenter ligg i Nissedal kommune og rommar skule frå 1.-7. klasse og barnehage. Oppvekstsenteret ligg idyllisk til ved innsjøen Nisser og har tilgang til gode uteområde som vert nytta mykje i kvardagen. Det er eit tett samarbeid mellom skule og barnehage der tilsette og barn møter kvarandre på fleire areaner i løpet av veka.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det dagelege arbeidet saman med elevane og barna.
- Delta i planlegging av det pedagogiske arbeidet.
- Vere eit viktig kommunikasjonsledd mellom elevane/barna, og tilsette i barnehage/skule og føresette.
- Vere med på å skape trygge og forutseielege kvardagar for barna og elevane.
- Følgje skulen og barnehagen sine rutiner og bidra til eit godt arbeids- og læringsmiljø.
- Arbeide etter skulen og barnehagen sine overordna og lokale planar og retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne-og ungdomsarbeider er ønskjeleg, men andre med relevant fagkompetanse eller yrkeserfaring vil også bli vurderte.. Personar utan formell kompetanse kan og søkje.
- Du beherskar norsk munnleg og skriftleg.
- Du beherskar ukrainsk munnleg og skriftleg.
- Det er krav om framvising av gyldig politiattest ved ei eventuell tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel
- Samarbeidsvilling
- God på byggje relasjonar
- Evne til å vere ein autorativ vaksen
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
- Tarifffesta løns-og pensjonsvilkår.
Kontaktinformasjon
Tone Straand, Rektor Kyrkjebygda oppvekstsenter, skule, +47 41 42 52 71Arbeidsstad
Nissedalsvegen 9303854 Nissedal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5139150539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
Tone Strand
Bedrift
Tone Strand