Tokke skule - Lærarstilling 100% vikariat- mogleg fast frå 01.08.24 -
Om stillingen
LÆRARSTILLING
Tokke skule har ledig lærarstilling i 100% vikariat og mogleg fast, frå 01.08.24.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.
Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.
Tokke kommune har to skular. Tokke skule som ligg i Dalen, og Høydalsmo skule som ligg i Høydalsmo. Kommunen tilbyr gratis SFO for alle elevar i småskulen.
Tokke skule:
1-10 skule med 165 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings -- og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
Kompetanse og erfaring med undervisning i 5. -- 10. klasse, gjerne kontaktlærar frå 5. til 10. klasse.
Særskilde fagynskje; Engelsk, norsk, spesialundervisning.
Lærarar med anna fagkompetanse kan også søkje.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Per- Arthur Romberg Hanssen på e-post: [email protected] eller
mob. 992 66 465
Personlege eigeskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
- Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
- Være ansvarsbevisst og sjølvstendig
Me kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 1. mai 2024
Velkomen som søkjar!
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
API Architect
Kongsvinger - Ponsse AS - Publisert 12.2.2025Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025Er du vår nye AV-montør? Oslo
Oslo - Barona Norway - Publisert 11.2.2025Data Engineer
Oslo - Barona Norway - Publisert 11.2.2025