Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

To avdelingsleiarstillingar

OmrådeGloppen
Publisert1.6.2025
Søk senest21.6.2025

Om stillingen

Er du ein leiar med hjarte for menneske, blikk for utvikling og trivst med ansvar og tempo? Da har vi stillinga for deg!
To av våre dyktige avdelingsleiarar søkjer nye utfordringar og vi har ledige stillingar. Eine avdelingsleiaren vil verte din nye leiar, ho går over i stillinga som tenesteleiar.

Avdeling 1: Furubu, Solsikka og Åsavegen. 

Avdeling 2: Myklebusttunet, Nordåsen og Utsikten.

Det kan bli gjort endringar i inndeling av avdelingane.

Du vil gå inn i eit tverrfagleg leiarteam i tenesta og vere ein del av felles leiargruppe i Helse og velferd, og leiarforumet til kommunedirektøren. Hos oss vil du få høve til å styrke din kompetanse som leiar gjennom relevante kurs og utdanning.
Miljøarbeidertenesta sitt overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi arbeider tverrfagleg for å gje gode tenester til over 60 brukara med utviklingshemming og psykiske lidingar.  Vi har ca 70 årsverk i tenesta, dette er vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar. 


Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar 
  • Fagansvar, med fokus på å sikre og vidareutvikle høg fagleg kvalitet i tenestetilbodet
  • Økonomikontroll
  • Arbeidstidsplanlegging
  • Samarbeid med eksterne og interne instansar
  • Være ein del av utvida leiargruppe i Helse og velferd

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag. Personleg egnaheit og brei erfaring frå leiing  kan erstatte krav om høgare utdanning
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring
  • Erfaring med brukargruppa er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskap, samt digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale verktøy
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling
  • God økonomisk forståing
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt

    Personlege eigenskapar

    • Du har evne til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå mål
    • Du kan skape engasjement og motivasjon hjå tilsette
    • Du er ansvarsbevisst og god på å skape relasjonar
    • Du er løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
    • Du er ein pådrivar for å skape gode tenester til brukarane
    • Du har engasjement for brukargruppa
    • Du kan etterleve verdiane tillit, mot , omsorg, samarbeid, arbeidsglede og likeverd

    Vi tilbyr

    • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
    • Kompetanseheving
    • Lønn etter avtale

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Ann Iren Festervoll, Konstituert tenesteleiar Miljøarbeidertenesta, 97096104, [email protected]

    Arbeidsstad

    Åsavegen 133
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 4974580898
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.06.2025

    Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

    BedriftMiljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger

    Regional Manufacturing Excellence Manager

    Mondelez International

    Sverige7/4 - 7/18
    Anbefalt