Tilsett veterinær og deltaking i vaktordning
Om stillingen
Om stillinga:
Har du lyst til å jobbe i vakre omgjevnader, omringa av fjord, fjell og skogar ? samtidig som du får ein spennande og variert arbeidshverdag? Då er dette jobben for deg!
Osterøy kommune, berre 25 minutt frå Bergen, er ein aktiv landbrukskommune med kyr, sau, hest og noko gris. No søkjer vi ein engasjert veterinær i deltidsstilling som vil bli ein del av vårt dyktige team og ta del i vaktordninga.
Osterøy kommune har tre veterinærar i stordyrpraksis i 30 % stilling. Ein av veterinærane har slutta, og vi ser etter nokon som kan møte behova til bøndene våre og delta i vaktordninga.
På kvardagar omfattar arbeidsområdet Osterøy kommune. På kveld, natt og helg har kommunane Osterøy og Bergen nord (Arna og Åsane). Distriktet er relativt lettkøyrd, og med stort sett korte avstandar. Sidan det er tre veterinærar tilgjengeleg på dagtid, er det rom for å drive med smådyr i tillegg til produksjonsdyr.
Vi er tre veterinærar som betener ei firedelt vakt. Etter avtale med kommunen vert veterinærane kompensert med 100 % tillegg for kvar fjerde vakt. Med fastlønn, vaktgodtgjersle og næringsinntekt kan du forvente ei bruttoinntekt på om lag 800.0000 avhengig av erfaring og arbeidsmengde. Oppgjeve beløp er eit erfaringsbasert anslag og vil kunne variere.
Vi har eit sett med utstyr som kan lånast ved behov. Påsitterpraksis i samband med oppstart er mogeleg. Kommunen kan hjelpe med å finne bustad i ei oppstartsfase (leilegheit).
Krav til søkar:
- Krav om norsk veterinærautorisasjon
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær
- Førarkort klasse B og eigen bil
- Bestått insemineringskurs
- Ante mortem-kurs (nødslakterkurs)
Det er ein fordel om du har interesse for smådyr i tillegg til produksjonsdyr, sidan oppdragsmengda for stordyr har variert noko det siste året.
Ta kontakt for meir informasjon:
Tore Johan Erstad, Leiar Teknisk forvaltning og plan, tlf. 402 86 556
Ida Nøst, kommuneveterinær, tlf. 465 06 938
Bjørn Hallan, kommuneveterinær, tlf. 454 35 650
Osterøy Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025