Jobbsafari

Tilkallingsvikarar til helse og omsorg, både fagutdanna og ufaglærte!

OmrådeVågå
Publisert4.12.2024
Søk senest14.12.2024

Om stillingen

Vi søkjer etter deg som ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar og som er:

  • helsefagarbeidar

  • sjukepleiar

  • ufaglært eller skuleelev

Vågå kommune skal frå 01.01.25 samle Heimetenesta og Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.

Vi søkjer etter deg som ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar og som er:

ˇ helsefagarbeidar

ˇ sjukepleiar med autorisasjon

ˇ u faglært eller skuleelev

Tenestestad for tida er Heimetenesta.

Vakter varierar ut i frå arbeidsoppgåver, men kan gå føre seg på dag, kveld og natt, på vekedager og helg.

Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.

Arbeidsoppgåver:

ˇ Ordinære oppgåver ut frå profesjon/ kunnskap

ˇ Assistent / ufaglærte stillingar utførar oppgåvar bl.a. innan mat, stell, aktivisering, dokumentasjon og legemiddelhandtering

ˇ Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp

ˇ Samarbeid med pårørande og andre

ˇ Ansvarsvakt for sjukepleiarar

ˇ Dokumentasjon

Ufaglærte og skuleelevar vil få opplæring på dei oppgåvene dei kan gjera, situasjonar rundt mat, stell, aktivisering, dokumentasjon og legemiddelhandtering.

Kvalifikasjonar

ˇ Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar for stillingar som sjukepleiar/helsefagarbeidar

ˇ Førerkort klasse B er påkrevd for stillingar som sjukepleiar, helsefagarbeidar og assistent (ikkje for skuleelevar, andre oppgåver for ufaglærte)

ˇ Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

ˇ God fagleg innsikt og tryggheit

Personlege eigenskaper:

ˇ Fagleg engasjert

ˇ Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig

ˇ Kreativ og endringsorientert/-viljug

ˇ Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner

ˇ Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet

ˇ Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

ˇ Fleksibel og lojal

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

ˇ Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling

ˇ Arbeid i tverrfagleg team

ˇ Kompetanseheving og fagleg utvikling

ˇ Eit godt fagmiljø og gode, rutinerte kollegaer

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til [email protected].

Søknadsfrist: 15.12.2024

Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:

Heimetenesta: tenesteleiar Kitt Heidi Telebond tlf 901 85 854.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vågå Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger