Jobbsafari
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Tilkallingsvikarar som cateringmedarbeidar i ferjesambandet Brekstad-Valset

2 måneder siden
OmrådeBrekstad
Søk senest8.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 søkjer tilkallingsvikarar som cateringmedarbeidar i sambandet Brekstad-Valset, f.t. MF Austrått og MF Vestrått.

Ein vil arbeide i ferieavvikling for dei fast tilsette, samt etter behov, og vil derfor ikkje gå i fast turnus.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i førebuing og sal av mat
  • Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
  • Varebestilling/varemottak
  • Andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Gyldig helseattest
  • Krise- og passasjerhandtering - Fjord1 kan dekke kurskostnader om nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Fokus på gode kundeopplevingar
  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • God kommunikasjonsevne

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, +47 93853263


Arbeidsstad

Fv710 90


7130 Brekstad


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4773330739


Stillingsprosent: 0%


Vikar


Søknadsfrist: 08.03.2024



Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

BedriftFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Om bedriftenFjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger