Jobbsafari
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste

Tilkallingsvikarar i helse og omsorg

OmrådeVolda
Publisert8.1.2025
Søk senest30.3.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.

Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing. 

Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:

  • Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
  • Heimetenester (Heimesjukepleia og døgnbemanna omsorgsbustadar)
  • Rus og psykisk helseteneste 
  • Bu og habilitering 

Arbeidsoppgåver

Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.

Kvalifikasjonar

  • Du må være over 18 år gammel.
  • Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha vanleg datakunnskap 
  • Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
  • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
  • Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
  • I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
  • Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid  

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 4
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4903973879
Stillingsprosent: 14%
Vikar
Søknadsfrist: 31.03.2025

Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste

BedriftVolda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Om bedriften

I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien. 

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i. 

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger